Bachelor
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Vårsemesteret
Målet med dette emnet er at studentane skal vere i stand til å lese og skjøne enkle norrøne prosatekstar med god grammatisk og leksikalsk innsikt.
Emnet gjev ei elementær innføring i norrønt språk gjennom grammatikkundervisning og lesing av normaliserte norrøne prosatekstar.
Ingen.
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon er tilrådd grunnlag.
Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 13 veker.
Kollokvium: om lag 2 timar i veka i om lag 13 veker.
I alt om lag 78 timar undervisning.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Eksamenen er ei skriftleg prøve på seks timar.
Studenten kan skrive på norsk, dansk eller svensk, eller eit anna språk etter avtale med faglæraren.
Det er høve til å bruke norrøn ordbok under eksamen.
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Pensum:
A. Grammatikk
Ein større norrøn grammatikk, t.d. Odd Einar Haugen, Grunnbok i norrønt språk, Oslo: Gyldendal Akademisk (1993 og seinare utgåver) eller Ragnvald Iversen, Norrøn grammatikk, Oslo: Tano (1973 og seinare opptrykk).
B. Tekstar på originalspråket
Eit utval på om lag 120 sider norrøn tekst med spreiing på ulike sjangrar, t.d.
1. "Saga Óláfs ins helga" kap. 112-13, 175-76, 187-246 i Heimskringla.
2. "Gylfaginning" i Snorres Edda, kap. 44-50.
3. "Tveggja elskanda ljóð" i Strengleikar.
4. Ei kort islendingesoge, Hrafnkels saga Freysgoða.
Av dette pensumet skal 30 sider lesast særleg nøye (kjernepensum). Eksamensoppgåvene vil bli tekne frå kjernepensumet.
Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar.
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no