Emner: NOFI104 Norrøn litteratur - Høst 2011




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Vårsemesteret

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal gjere seg kjende med den norrøne litteraturhistoria, både gjennom oversynsverk og gjennom eit studium av tekstar i omsetjing. Hovudvekta vil bli lagt på kongesoger og islendingesoger. Andre litterære sjangrar er dekte i emna NOFI 102 og NOFI 105.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne kommentere og analysere eit utval norrøne tekstar og setje desse inn i ein litteraturhistorisk samanheng.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling. Se UHL §3-10.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: om lag 2 timar i veka i om lag 13 veker.

I alt om lag 26 timar undervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamenen er ei skriftleg prøve på seks timar.

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den skriftlege prøva.

Studenten kan skrive på norsk, dansk eller svensk, eller eit anna språk etter avtale med faglæraren.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum:

A. Litteraturhistorie

1. Ei større eller to mindre norrøne litteraturhistorier, t.d. Bjarne Fidjestøls kapittel (s. 31-129) i Norsk litteratur i tusen år, Oslo: Cappelen (1994 og seinare utgåver), og Ludvig Holm-Olsens del (s. 19-342) av bd. 1 av Norges litteraturhistorie, Oslo: Cappelen (1974 og seinare utgåver).

2. Ei relativt kort innføring i sagalitteraturen, t.d. kap. 6 av Else Mundal i Handbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, Bergen: Fagbokforlaget (2004).

B. Litterære tekstar

1. Soga om Olav den heilage i Heimskringla eller Sverre-soga.

2. Ei av dei eldre kongesogene, t.d. Ågrip eller Odd Munks soge om Olav Tryggvason.

3. Ei kortare islendingesoge, t.d. Soga om Bjørn Hitdølakappe eller Soga om Gunnlaug Ormstunge.

4. Ei lengre islendingesoge, t.d. Egilssoga.

5. Eit utval tåttar, t.d. frå Morkinskinna.

Alle desse tekstene er omsette til norsk, og dei fleste finst i fleire omsetjingar, både til nynorsk og bokmål.

C. Faghistorie

Ei brei framstilling av norrøn forskingshistorie, t.d. Ludvig Holm-Olsen, Lys over norrøn kultur, Oslo: Cappelen (1981).

Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no