Emner: NOFI250 Norrøn filologi bacheloroppgave - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Både vår- og haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI 250 omfattar eit emne frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av emne vil skifte frå semester til semester.

Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd på NOFI 211. Emnet høver såleis for studentar som vil gå vidare til ein mastergrad i norrøn filologi.

 

Tema våren 2014: Magnus Lagabøtes landslov

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne arbeide sjølvstendig med faglitteraturen på feltet og formidle denne både munnleg og skriftleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NOFI 250 gjev ei vidaregåande innføring i norrøn filologi, og det er derfor tilrådeleg å ha eit grunnlag på minst 30 studiepoeng i norrønt, i alle fall NOFI 101 og NOFI 211, gjerne også NOFI 102, 104 eller 105.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga på 200-nivå vil i stor grad bli organisert som seminar, der det blir venta aktiv deltaking frå studentane når tilhøva ligg til rette for det.

Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 13 veker. I alt om lag 26 timar undervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering og godkjenning av pensumliste.

Rettleiing frå faglærar på semesteroppgåva er obligatorisk. Rettleiinga blir gjeven etter reglar som instituttet fastset. Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering, medan frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Vurderingsformer

Ei rettleidd semesteroppgåve (heimeoppgåve) og ei teljande, munnleg prøve.

Studenten vel i utgangspunktet emne for semesteroppgåva. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord eller 30000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna (ca. 15 sider). Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mi side.

Semesteroppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), svensk eller dansk, eller på eit anna språk etter søknad til instituttet.

Den munnlege prøva omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Det blir gjeve eigen karakter for kvar av dei to prøvene, og ved utrekning av samla karakter blir dei to prøvene vekta likt. Studenten må stå på begge prøvene i same semesteret for å stå på heile eksamenen.

Dersom kandidaten ønskjer å bruke eit anna språk enn norsk, svensk eller dansk under eksaminasjonen, må vedkomande søkje instituttet om dette på førehand.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

NOFI 250 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad ("vekta sider"). Det er eigne brøkar for vekting av tekster i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur. For kvart kurs vil det bli utarbeidd eit framlegg til pensum. Det er høve til å skifte ut delar av dette pensumet i samråd med faglærar.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no