Emner: NOFI350 Norrøn filologi masteroppgave - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Rettleiinga blir gjeven på norsk, dansk, svensk eller engelsk, eller andre språk etter avtale med studenten.

Undervisningssemester

Både vår- og haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt tema som skal endeleg godkjennast av rettleiar. Oppgåva skal vere ei vitskapleg gransking basert på norrønt primærmateriale, men det er òg rom for å skrive forskingshistoriske arbeid. I oppgåva må studentane dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for temaet

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat med masteroppgåve i norrøn filologi frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen

- har avanserte og djuptgåande kunnskapar innanfor temaet for masteroppgåva

- har omfattande og god kunnskap om mellomalderfilologiske teoriar og forskingsmetodar med relevans for masteroppgåva

- har god forståing for dei vitskapsteoretiske problemstillingane i temaet for masteroppgåva

- kjenner til den aktuelle debatten om sentrale problemstillingar innanfor fagområdet

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan planleggje og gjennomføre eit større norrønfilologisk forskingsprosjekt

- kan bruke aktuelle teoriar og metodar til sjølvstendig forsking

- kan analysere og granske kritisk etablerte mellomalderfilologiske teoriar, metodar og forståingsrammer

- kan analysere og ha ei kritisk haldning til både norrøne kjeldetekstar og vitskaplege arbeid om dei

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan gjennomføre eit større akademisk forskingsprosjekt med høg grad av sjølvstende

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte filologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt til desse

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i norrøn filologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidet med masteroppgåva skjer i nært samarbeid med ein fagleg rettleiar. Instituttet har utarbeidd ein særskilt kontrakt mellom student og rettleiar, der rettar og plikter for dei to partane er nærmare forklart. Denne kontrakten skal vere underteikna innan utgangen av det første semesteret. Både rettleiar og student må leggje vekt på at temaet og opplegget for masteroppgåva gjer det mogleg å fullføre arbeidet innanfor normert studietid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema og problemstilling for masteroppgåva bør vere avklarte i løpet av det første semesteret. Begge delar skal godkjennast av rettleiar.

Vurderingsformer

Mastergradsstudiet blir avslutta med innlevering av masteroppgåva og justerande, munnleg eksamen.

Masteroppgåva skal normalt ha eit omfang på 70 - 110 sider (140.000 - 220.000 teikn inkl. mellomrom). Ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sideomfanget. Slike vedlegg kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale.

Eit stutt samandrag av innhaldet på norsk og engelsk (1 - 2 sider) skal takast med i oppgåva. Samandraget skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittelen på oppgåva, kort presentasjon av temaet, kva materiale avhandlinga byggjer på (primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene), problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt dei konklusjonane og resultata som oppgåva legg fram.

Masteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk. Ho skal leverast elektronisk på Mitt UiB innan ein frist som kvart semester blir kunngjord der.

Etter at masteroppgåva er vurdert, blir det halde ein munnleg eksamen som består av ein diskusjon omkring masteroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva med sensorane, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.

Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A til F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Ingen.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no