Emner: NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 - Høst 2024




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Vårsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet gir ei brei og rik innføring i sentrale norske og nordiske tekstar og forfattarskapar etter 1900. Den teoretiske hovudvekta ligg på litterær tolking, som vil bli diskutert med utgangspunkt i ulike teoretiske retningar. Dei litterære tekstane vil bli diskutert med omsyn til sjanger og dessutan setjast inn i ein sosial, kulturell og ideologisk samanheng. Emnet gir såleis ei solid litteraturhistorisk innføring i perioden. Den litterære tolkinga og analysen vil også bli diskutert i eit læringsperspektiv, med tanke på litteraturens funksjon i skolen.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne

- gjere greie for innhald, form og tematikk i den einskilde litterære pensumteksten

- drøfte den litteraturhistoriske plasseringa av pensumtekstane

- gjere greie for sentrale nordiske, særleg norske, forfattarskapar etter 1900

- drøfte litteraturhistorisk plassering av nordiske 1900-talstekstar som ikkje er på pensum, og analysere slike tekstar ved hjelp av sjangerteoretiske omgrep

- drøfte og problematisere ulike tilhøve ved litteraturhistorisk periodisering i tida etter 1900, særleg omgrepet modernisme

- drøfte og problematisere dei litterære hovudsjangrane og skiljet skjønnlitteratur-sakprosa med tekstar som døme

- samanlikne ulike tekstar med omsyn til litteraturhistoriske og sjangermessige trekk

- studentane kan forstå teksten som estetisk uttrykk og utvikle eit teoretisk omgrepsapparat dei kan nytte i systematisk handsaming av tekstane

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga varierer mellom førelesingar og arbeidsgrupper. (Tilsvarande 2 dobbeltimar i veka).

Gjennomføringa av tilrettelagt kollokvium (som da kjem i tillegg til annen undervisning) er avhengig av ressurssituasjonen på instituttet.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere eit skriftleg arbeid i løpet av semesteret.

Den obligatoriske oppgåva skal skrivast på nynorsk.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig berre i semesteret for godkjenninga.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Godkjend obligatorisk arbeid er ein føresetnad for å gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Karakterskala

Karakterskala A til F.

Vurderingssemester

Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Litteraturliste

Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Episke og dramatiske tekstar har låg vekting. Instituttet fastset pensumet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no