Emner: NOLI210-L Litterær analyse og teori for integrert lektorutdanning - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

200-nivå nordisk i integrert lektorutdanning

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Vårsemesteret. Sjette semester.

Studentane vel dette emnet eller NOSP210-L.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet skal auke studentane sitt medvit om ulike tilnærmingsmåtar til litterære tekstar. Pensumet inneheld ei rekkje sentrale litteraturteoretiske og litterære tekstar, som vert presenterte og diskuterte.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne kjenne att og ta stilling til tolkingsmønster i sentrale fagtekstar. Dei skal også sjølv vere i stand til å produsere metodemedvitne lesingar av litterære tekstar og bruke eit relevant omgrepsapparat i tekstanalysar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NOLI102 og NOLI103

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: om lag 2 timar i veka i om lag 13 veker. I alt om lag 26 timar. Undervisninga er felles med undervisninga i Litterær analyse og teori på NOLI250.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på den. Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve.

Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved lokktrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Det vert ikkje arrangert eksamen utanom undervisningssemesteret.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensumet tilsvarer om lag 650-700 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no