Mål:
Hovudmålet med emnet er at studenten skal planlegge arbeidet med masteroppgåva si i samråd med oppnemnd rettleiar. Dette skal gjerast gjennom lesing av eit individuelt pensum og skriving ut frå det, og utforming av ei prosjektskisse.
Innhald:
Studentane førebur seg teoretisk og praktisk til arbeidet med masteroppgåva, dels i undervisning i gruppe, dels i samarbeid med rettleiar og dels ved sjølvstudium.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Undervisninga kombinerer førelesingar og seminar.
Individuell rettleiing gitt av rettleiaren, inntil seks timar per student, med slikt fokus som student og rettleiar finn tenleg (pensumgjennomgang, utkastvurdering osv.). Studenten må sette seg inn i mykje av fagstoffet gjennom sjølvstudium.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Levering av pensumliste for den individuelle delen (sjå Litteraturliste) innan 15. mars i vårsemesteret og innan 1. oktober i haustsemesteret.
Ein tekst på ca. 2000 ord der studenten gjer greie for hovuddrag av innhaldet i eit utval av tekstane i det individuelle pensumet og drøftar korleis tekstane tek opp sentrale aspekt ved det planlagde masteroppgåveprosjektet. Litteraturliste skal vere med som vedlegg utanom dei 2000 orda. Studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val. Studentar med studierett i norrøn filologi kan skrive på dansk, svensk eller engelsk (i tillegg til norsk). Rettleiaren avgjer om teksten kan godkjennast.
Seint i semesteret: Munnleg presentasjon av planane for masterprosjektet med bruk av presentasjonsprogram. Presentasjonen skal ta om lag 10 minutt. Diskusjon av presentasjonen til ein annan student, om lag 5 minutt.
Godkjent aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderinga på emnet er ei semesteroppgåve utforma som ei prosjektskisse. Skissa er ein plan for masteroppgåvearbeidet og skal vere på inntil 4000 ord. Ho skal normalt handsame tema, problemstilling/forskingsspørsmål, teoretisk grunnlag, faglitteratur og sekundærkjelder, eiga plassering i fagfeltet, avgrensing av primærkjeldene og vitskaplege metodar -- alt tilpassa det planlagde arbeidet. Framdriftsplan og tekstdisposisjon skal vere med som vedlegg utanom dei 4000 orda.
Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, og studenten vel målform sjølv. Studentar med studierett i norrøn filologi kan skrive på dansk, svensk eller engelsk (i tillegg til norsk).
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og består av ein fellesdel og ein individuell del.
Disiplinspesifikke litteraturlister for fellesdelen vil vere klare innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juli for haustsemesteret.
Pensumet for den individuelle delen må settast saman av studenten i samråd med rettleiaren, som godkjenner pensumlista.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium