Haust/vår.
Tilrådd i 2. semester av MAHF-NORD.
8. semester av MAHF-LÆNO (vår).
Det tematiske innhaldet på emnet vert definert av studenten sjølv i samråd med rettleiaren. Pensumet skal byggje opp under arbeidet med prosjektutvikling på NOLISP302 og masteroppgåva NOLISP350. Det kan føre vidare eit tema som er introdusert i andre delar av studiet, eller det kan ta opp ein annan deldisiplin innanfor nordistikken, ev. av tverrfagleg art. Det er ein føresetnad at litteraturen er på eit plan som passar for 300-nivået.
Pensumet skal tilsvare om lag 700 sider av normal vanskegrad og må ikkje overlappe med det frå andre emne studenten har teke. Studenten kan om ønskjeleg følgje undervisning og hente pensum frå relevante undervisningsemne, under føresetnad av at pensumet byggjer opp under arbeidet med prosjektutvikling.
Kunnskapar:
Studenten
- har spesialisert innsikt i og forståing av det aktuelle feltet av nordistikken
Ferdigheiter:
Studenten
- kan nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte aktuell empiri, metode og teori
Hjelp og råd frå rettleiaren ved samansetting av pensumet.
Inntil 6 timar rettleiing i pensumet.
Levering av pensumliste innan fastsett frist.
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Skriftleg skuleeksamen på 4 timar.
Målforma på eksamenen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.