Både vår- og haustsemesteret
Bergen
Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne. I oppgåva må studentane dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Masteroppgåva skal normalt ha eit omfang på 70-110 sider. Instituttet reknar at ei normalside har om lag 2000 teikn eller 350 ord. Ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sidetalet. Slike vedlegg kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale. Eit stutt samandrag av innhaldet på engelsk og norsk skal takast med i oppgåva.
Samandraget skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittelen på oppgåva, kort presentasjon av emnet, kva materiale oppgåva byggjer på (primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene), problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt konklusjonen og resultatet som oppgåva legg fram.
Studentane skal ha gjennomført, og skriftleg presentert resultatet av, eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. Dei skal kunne gjere greie for, diskutere og vurdere teorigrunnlag, materialval og metode i dette arbeidet og relatere det til andre studiar i same forskingsfelt.
Problemstillinga eller prosjektet skal vere godkjent i det prosjektførebuande emnet (NOLISP300) før arbeidet tek til.
I arbeidet med masteroppgåva har studentane krav på å få tildelt ein fagleg rettleiar. Student og rettleiar skriv begge under på ein rettleiingskontrakt. Ved opptak til studiet, dvs. ved starten av 1. semester, skriv studenten kontrakt med instituttet, og får då tildelt ein ansvarleg kontaktlærar/rettleiar, som har ansvaret for rettleiinga under gjennomføringa av det prosjektførebuande emnet. Denne kontaktlæraren kan vere identisk med den faglege rettleiaren for masteroppgåva. Skiftar studenten rettleiar under arbeidet med prosjektbeskrivinga eller i avhandlingsdelen, vert kontrakten revidert på dette punket.
Student og rettleiar må saman syte for at emnet og opplegget for oppgåva gjer det mogleg for studenten å avslutte arbeidet innanfor normert studietid.
Mastergradsstudiet blir avslutta med innlevering av masteroppgåva. Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Mi side innan ein frist som kvart semester blir kunngjord der. Kostnadene til trykking av masteroppgåva vert dekte av universitetet etter nærare reglar.
Etter at masteroppgåva er godkjend og evaluert, blir det halde ein munnleg eksamen som består av ein diskusjon omkring masteroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva med sensorane, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva.
Masteroppgåva blir vurdert etter ein gradert karakterskala frå A til F. Munnleg eksamen i avhandlingsdelen er justerande i høve til karakteren på masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.
Karakterskala A-F.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no