Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.
Bergen
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks, leksikologi og i ein viss mon vert pragmatiske og sosiolingvistiske aspekt trekte inn. Desse språklege nivåa vert studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er i hovudfokus, har dette emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt. Dette pregar både utvalet og vektinga av tema og måten dei ulike temaa blir handsama og presenterte på. Eit viktig element er innføring i mellomspråk og den lingvistiske, læringsteoretiske og faghistoriske bakgrunnen for dette omgrepet.
Emnet skal også gje studenten dei språkteoretiske og språkanalytiske kunnskapsverktøy han treng for eit vidare studium i andrespråkslingvistikk, språklæringsteori og tospråklegheitsforsking.
Førelesingar 4 timar i veka i om lag 13 veker.
Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar i veka
Samla undervisningsmengd: 52 timar førelesingar og 26 timar kollokvium per student.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk å levere utkast til mappeoppgåvene og å motta rettleiing på dei. Instituttet gjev nærare retningslinjer.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar og ei mappe med to oppgåver. Den skriftlege prøva tel 60 % og mappa 40 % av den samla karakteren. Ein må stå på begge eksamensdelane for å stå på heile eksamen. Éi mappeoppgåve skal skrivast på bokmål og éi på nynorsk. På den skriftlege prøva vel studenten målform sjølv.
Studentane kan nytte sitt eige eksemplar av ein norsk grammatikk ved den skriftlege eksamenen. Faglærar godkjenner aktuelle grammatikkar.
Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret. Kandidatar som stod på berre den skriftlege prøva eller mappa, kan ta eksamen i den andre delen. I mappa inngår oppgåvene frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre dei, men kan ikkje få rettleiing.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og blir fastsett av instituttet.
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no