Emner: NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.

Undervisningssemester

Vårsemesteret.

 

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet har språklæringsprosessen og språkundervisninga som hovudfokus. Såleis fell det naturleg i to delar, språklæringsteori og andrespråksundervisning, men dei to delane må sjåast på som ein integrert heilskap. Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis språket blir lært, og på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning.

 

Den språklæringsteoretiske delen av emnet omfattar mange ulike aspekt. Eitt sentralt tema er sjølve gangen i læringsprosessen, dei kognitive, kjenslemessige og sosiale sidene av språklæringa, og skilnader og likskapar mellom å lære språk som førstespråk, andrespråk og framandspråk. Sentralt står også spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, om læringsprosessen følgjer generelle og rigide mønster eller varierer frå individ til individ, t.d. etter kva som er innlæraren sitt førstespråk, og sist, men ikkje minst, om korleis læringsprosessen kan påverkast av ytre stimuli som t.d. undervisning. Språklæringsprosessen vert også sett i samband med sosial og kulturell kontekst.

 

Den didaktiske delen av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der til dømes den tospråklege situasjonen er eit utgangspunkt. Difor vil emnet gje innsikt i moderne tospråklegheitsteori, t.d. kva det vil seie å vere tospråkleg (eller fleirspråkleg), ulike former for individuell tospråklegheit, både som tilstand og som prosess, og i ulike situasjonar. Den språkdidaktiske delen av pensumet syner korleis språkundervisninga blir implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Hovudvekta i didaktikkpensumet ligg på ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp, medan praktisk metodikk fell utanfor. Hovudfokuset er på Noreg og det norske samfunnet. Både grunnskulen, den vidaregåande skulen og vaksenopplæringa vert omhandla. Emnet skal også gje noko innblikk i kartlegging og vurdering av språkferdigheiter, både innanfor og utanfor undervisningssituasjonen.

 

I studiet inngår grunnleggjande opplæring i analyse av innlærarspråk. Analysen integrerer både språklege og læringsteoretiske problemstillingar, og viser at studenten kan bruke kunnskapen sin til pedagogiske føremål.

Læringsutbyte

Etter å ha fullførte emnet skal studenten ha tileigna seg dei læringsteoretiske og didaktiske kunnskapsressursane han treng som språkpedagog, dvs. kunne undervise på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte, og ha så gode språkpedagogiske kunnskapar at han som praktiserande lærar kan nyttiggjere seg desse i undervisninga.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er felles med NORAN251-L.

Førelesingar 4 timar i veka i om lag 13 veker.

Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar i veka

Samla undervisningsmengd: 52 timar førelesingar og 26 timar kollokvium per student.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til mappeoppgåvene og å motta rettleiing på dei. Instituttet gjev nærare retningslinjer.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar og ei mappe med to oppgåver. Den skriftlege prøva tel 60 % og mappa 40 % av den samla karakteren. Ein må stå på begge eksamensdelane for å stå på heile eksamen. Éi mappeoppgåve skal skrivast på bokmål og éi på nynorsk. På den skriftlege prøva vel studenten målform sjølv.

 

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret. Kandidatar som stod på berre den skriftlege prøva eller mappa, kan ta eksamen i den andre delen. I mappa inngår oppgåvene frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre dei, men kan ikkje få rettleiing.

 

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

NORAN104, NORAN104-F og NORAN251-L har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Litteraturliste

Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og blir fastsett av instituttet.

I tillegg til teoripensumet skal studenten gjere seg kjend med to læreverk i norsk for framandspråklege, eitt for grunnskulen eller den vidaregåande skulen og eitt for vaksenopplæringa.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no