Bachelor
Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte.
Haust
NB! Emnet har ikkje undervisning hausten 2018
Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk, og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning. Såleis fell emnet naturleg i to delar, andrespråkslæringsteori og andrespråksdidaktikk, men dei to delane skal sjåast i samanheng.
Den språklæringsteoretiske delen av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. Sentralt står spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ.
Den didaktiske delen av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der elevens tospråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisninga vert blir implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag, med vekt på opplæringssituasjonen i Noreg. Hovudfokuset er på ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp, medan praktisk metodikk fell utanfor.
I emnet inngår òg grunnleggjande opplæring i analyse av innlærarspråk. Analysen integrerer språklege og læringsteoretiske problemstillingar.
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten
Dugleik:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
Om lag 52 timar undervisning anten i form av førelesingar eller seminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Det er obligatorisk å levere to skriftlege arbeid (ei oppgåve på nynorsk og ei oppgåve på bokmål) innleverte innan fastsett frist. Det eine skriftlege arbeidet skal vere på omlag 1500 ord og det andre skal vera på om lag 2000 ord.
Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Skriftleg skuleeksamen på seks timar. Kandidaten vel sjølv målform.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring
Karakterskala A - F.
Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Studenten skal leggje opp tre innlærartekstar som kan danne grunnlag for obligatorisk aktivitet og/eller eksamen.
I tillegg til teoripensumet skal studenten gjere seg kjend med to læreverk i norsk som andrespråk, eitt for grunnskulen eller den vidaregåande skulen og eitt for vaksenopplæringa.
Han skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer knytte til desse.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no