Emner: NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheter - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte.

Undervisningssemester

Haustsemesteret

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet handlar om testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheiter. Sentrale tema er moderne språkvurderingsmetodar, kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av språkferdigheiter, og dei teoretiske føresetnadene som ligg til grunn for desse prinsippa. Emnet tek også opp etiske problemstillingar knytte til språktesting og testing i høve til fleirspråklegheit.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

- har kunnskapar om prinsipp for testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheit, og innsikt i dei teoretiske premissane som ligg under desse prinsippa

- har innsikt i moderne språkvurderingsmetodar

- ha innsikt i etiske problemstillingar knytte til språktesting.

Dugleik:

Studenten

- kan gjennomføre praktisk vurdering av språkferdigheit hos språkinnlærarar

- kan reflektere over kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av andrespråks- eller framandspråkferdigheiter

- kan kritisk evaluere eksisterande vurderingssystem og -praksisar

- kan ta del i fagleg arbeid i tilknyting til språktesting og språkvurdering.

Generell kompetanse:

Studenten

- har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om testing og vurdering av språkferdigheiter hos fleirspråklege individ.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NORAN101(-F), NORAN104(-F)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningstype og -mengd:

Førelesingar 2 timar i veka i om lag 11 veker.

Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar kvar fjortande dag.

Samla undervisningsmengd: om lag 22 timar førelesingar og 10 timar kollokvium per student.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei øvingsoppgåve på ca. 350 ord innlevert innan fastsett frist. På øvingsoppgåva vel studenten målform sjølv.

Godkjenning av obligatorisk arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på fire timar. Eksamen skal skrivast på bokmål.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har gyldige godkjente obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F.

Fagleg overlapp

Det er full overlapping mellom NORAN109 og NORAN119. Studentar som kombinerer NORAN109 med NORAN119 får inga utteljing i nye studiepoeng.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 400 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no 

Institutt