Emner: NORAN115 Litteratur og tekst i et andrespråksperspektiv - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.

Undervisningssemester

Haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som tema litteratur og litteraturdidaktikk og tekstlingvistikk og pragmatikk i eit andrespråksperspektiv. Emnet fell såleis naturleg i to delar, ein språkleg og ein litterær del, men det er sambandsliner mellom dei to delane.

Medan emna NORAN101(-F) og NORAN 104 (-F) har fokus på grammatiske, leksikalske og fonologiske tilhøve, skal ein i NORAN115 utvide den språklege og språkdidaktiske horisonten til eit tekstperspektiv. Ettersom både munnleg og skriftleg språkbruk må forståast som del av både ein språkleg og ein utanomspråkleg kontekst, vil studenten få ei innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk relatert til både talespråk og skriftspråk. Sentrale tema er tekstbinding, teksttype og sjanger, tekst i kontekst, språkfunksjonar og språkhandlingsteori.

Den andre delen av emnet er litterær og handlar om litteratur som viktig innfallsport til forståing av den kulturelle referanseramma og som didaktisk verkemiddel i andrespråksundervisninga. Men det skal også gå fram at litteraturen har ein eigenverdi i andrespråkssamanhengen. Tekstane representerer ulike sjangrar. Hovudtyngda av tekstane er opphavleg norskspråklege. Verk av forfattarar med minoritetsbakgrunn er representerte.

Dei litterære tekstane på pensum representerer for det første eit tverrsnitt av sentrale tekstar frå norsk litteraturhistorie. For det andre inneheld pensumet verk som handlar om emne som migrasjon, kulturmøte og liv i fleirspråklege og fleirkulturelle miljø.

I tilknyting til dei litterære tekstane har ein også eit teoripensum som set tekstane inn i ein litteraturhistorisk, litteraturteoretisk og litteraturdidaktisk samanheng.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

 

Kunnskap:

Studenten

¿ har innsikt i ulike teksttypar og sjangrar

¿ har innsikt i kva utfordringar innlærarar står overfor når dei les og produserer tekstar på andrespråket

¿ har ei forståing for betydinga av litteraturens rolle i kulturelle samanhengar

Dugleik

Studenten

¿ kan analysere tekstoppbygging i elevproduserte tekstar

¿ kan analysere munnleg og skriftleg tekst i kontekst

¿ kan vurdere litterære tekstar for bruk i andrespråksundervisninga

¿ kan reflektere over litteraturens eigenverdi i eit andrespråksperspektiv

Generell kompetanse

Studenten

¿ har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NORAN101(-F), NORAN104 (-F)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningstype og -mengd:

Førelesingar 4 timar i veka i om lag 13 veker.

Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar i veka. 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til ei skriftleg oppgåve og å motta rettleiing på denne. Instituttet gjev nærare retningslinjer.

Godkjenning av obligatorisk arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 6 timar og ei rettleidd oppgåve på ca 2500 ord. Den skriftlege skuleeksamenen tel 60 % og den rettleidde oppgåva 40 % av den samla karakteren.

Ein må stå på begge delane for å stå på heile eksamenen. Både skuleeksamenen og den rettleidde oppgåva skal skrivast på norsk. På skuleeksamenen skal målforma vere nynorsk. Studenten sjølv vel målform for den rettleidde oppgåva.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjente og gyldige obligatoriske arbeidskrav. Den rettleidde oppgåva er frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre denne, men kan ikkje få rettleiing.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no