Mål:
Emnet skal gje ei grundigare, djupare og meir teoretisk forankra innføring i utvalde temaområde innanfor andrespråksfeltet enn det dei NORAN-emna studenten tidlegare har studert, gjev høve til.
Emnet kan femna om alle aspekt av det som fell under samleomgrepet andrespråkslingvistikk. Både språkstrukturelle, pragmatiske, læringsteoretiske, sosiolingvistiske og didaktiske problemstillingar kan verta handsama.
Kva for tema som blir fokusert og undervist i det einskilde semesteret, kan såleis variera frå år til år.
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Dugleik:
Generell kompetanse:
EXFAC Språk og kommunikasjon
NOSPAN101 og NORAN105 eller NORAN101 eller NORAN101-F.
NORAN104, NORAN107, NORAN106.
Undervisningstype og -mengd:
Førelesingar, om lag 26 timar, ev. kombinasjon av førelesings- og seminarform.
Rettleiing under skriving av bacheloroppgåva.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføra redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåve og motta rettleiing
Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og i semesteret etter.
Semesteroppgåve på inntil 5000 ord, skriven under rettleiing, og munnleg prøve. Kandidaten vel sjølv målform for semesteroppgåva.
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege prøva
Det vert sett separate karakterar på eksamensdelane, og dei vert rekna om til éin endeleg karakter. Semesteroppgåva tel 60 % og den munnlege prøva 40 %. Studenten må stå på begge eksamensdelane i same semester for å stå på eksamenen.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.
Litteraturlista vil vera klar innan 1. desember.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no