Emner: NORAN250 Andrespråkslingvistikk - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, eventuelt i nokon grad dansk og svensk.

Undervisningssemester

Vårsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje ei grundigare, djupare og meir teoretisk forankra innføring i utvalde temaområde innafor andrespråksfeltet enn det dei NORAN-emna studenten har studert på 100-nivå gjev høve til. Det førebur studenten til eit masterstudium med masteroppgåve i norsk som andrespråk.

Emnet femner om alle aspekt av det som fell under samleomgrepet andrespråkslingvistikk, og både språkstrukturelle, pragmatiske, læringsteoretiske, sosiolingvistiske og didaktiske problemstillingar kan verte handsama.

Kva for tema som blir fokusert og undervist i det einskilde semesteret, kan såleis ymse frå år til år.

Læringsutbyte

Etter å ha studert NORAN250, skal studentane ha tileigna seg så gode kunnskaper og slik grad av fagleg mognad at dei kan

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NORAN101, NORAN104, NORAN115, NORAN117 og NORAN119 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Om lag 26 timar førelesing, ev. kombinasjon av førelesings- og seminarform.

Rettleiing under skriving av semesteroppgåva.Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåve og motta rettleiing etter dei reglane og innan dei fristane som den emneansvarlege fastset.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig berre i semesteret for godkjenninga.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve på inntil 5000 ord, skriven under rettleiing, og munnleg prøve.

 

Det vert sett separate karakterar på eksamensdelane, og dei vert rekna om til éin endeleg karakter. Semesteroppgåva tel 60 % og den munnlege prøva 40 %. Studenten må stå på begge eksamensdelane i same semester for å stå på eksamenen.

 

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege prøva.

 

Det vert ikkje arrangert eksamen i undervisningsfrie semester.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no