Emnet skal gje ei grundigare, djupare og meir teoretisk forankra innføring i utvalde temaområde innafor andrespråksfeltet enn det dei NORAN-emna studenten har studert på 100-nivå, gjev høve til.
Emnet femner om alle aspekt av det som fell under samleomgrepet andrespråkslingvistikk. Både språkstrukturelle, pragmatiske, læringsteoretiske, sosiolingvistiske og didaktiske problemstillingar kan verte handsama.
Kva for tema som blir fokusert og undervist i det einskilde semesteret, kan såleis variere frå år til år.
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Dugleik:
Generell kompetanse:
Om lag 26 timar førelesing, ev. kombinasjon av førelesings- og seminarform.
Rettleiing under skriving av semesteroppgåva.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåve og motta rettleiing
Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og i semesteret etter.
Semesteroppgåve på inntil 5000 ord, skriven under rettleiing, og munnleg prøve. Kandidaten vel sjølv målform for semesteroppgåva.
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege prøva
Det vert sett separate karakterar på eksamensdelane, og dei vert rekna om til éin endeleg karakter. Semesteroppgåva tel 60 % og den munnlege prøva 40 %. Studenten må stå på begge eksamensdelane i same semester for å stå på eksamenen.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no