Emner: NORMAU641 Språkkunnskap for erfaringsbasert master i undervisning - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk. Svensk og dansk kan og verte nytta.

Undervisningssemester

Vår, andre semester av Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk.

Undervisningsstad

Bergen, Internett

Mål og innhald

Emnet skal innanfor sentrale delar av norsk språkvitskap gje studentane eit grunnlag for fagleg fundert arbeid, både i det vidare studiet og i undervisningsarbeidet i skulen.

Innhaldet er delt i tre komponentar: (1) språkbruk, stil, argumentasjon og retorikk, (2) skriftvariasjon og moderne skriftspråksnormering, (3) ein variabel komponent.

(1) For komponenten om språkbruk, argumentasjon og retorikk er målet at studentane skal gjere seg kjende med sentrale omgrep innanfor språkbruksanalyse, stilistikk, argumentasjonsteori og retorikk.

(2) For komponenten om skriftvariasjon og moderne skriftspråksnormering er målet at studentane skal tileigne seg kunnskap om korleis og kvifor bruken av bokmåls- og nynorskrettskrivingane varierer i moderne norsk, og om normeringa av målformene, særleg etter 1938 og med størst vekt på reformarbeidet, -drøftingane og -vedtaka etter 1990. Dei skal gjere seg kjende med viktige språkressursar på nettet, t.d. nettstaden til Språkrådet.

(3) For den variable komponenten er målet at studentane skal få kunnskap om eit tema som kan eigne seg for språklege prosjekt eller liknande i skulen, eller som på annan måte styrkjer studenten sin faglege og didaktiske kompetanse i språk. Som døme på tema kan nemnast: språkhistorie, norsk i språktypologisk perspektiv, norsk som andrespråk, stadnamn, talemål, sosiolingvistikk, grammatikk. Men òg andre tema kan vere aktuelle.

Eit fellesmål for emnet er at studentane skal nytte kunnskapen i analysar av språkleg materiale og skriving av tekstar om temaa. Studentane skal òg reflektere om korleis kunnskapen kan brukast i praktisk undervisningsarbeid.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne gjere greie for

Dei skal kunne nytte kunnskap og innsikter

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i erfaringsbasert undervisning med fordjuping i norsk ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Ettersom studiet har eiga finansiering, er omfanget av undervisninga til kvar tid avhengig av tilførte midlar. Det omfanget som er omtalt her, kan difor verte redusert om finansieringa ikkje strekk til.

Det vert tre samlingar på to dagar kvar i løpet av semesteret. I tillegg vil den nettbaserte undervisninga vere på om lag 24 timar.

Kvar samling er konsentrert om éin av komponentane, jf. Mål og innhald. Det er undervisning i berre eitt tema for den variable komponenten per undervisningssemester.

Det vert gjeve fagleg og språkleg rettleiing på grunnlag av innleverte utkast til mappetekstar, jf. Obligatoriske arbeidskrav og Vurderingsformer. Rettleiinga vert gjeven i nettundervisninga og kan verte gjeven til heile studentgruppa eller einskilde studentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

Det er obligatorisk å levere utkast til mappetekstane (jf. Vurderingsformer) innan fristar som vert kunngjorde på Mi side.

Kurset er i hovudsak basert på elektroniske hjelpemiddel. Det er en difor eit vilkår at studenten disponerer og er i stand til å bruke datamaskin med internett-tilgang. Det vert kravt at studentane tek del i diskusjonar på nett.

Vurderingsformer

Mappevurdering med tre tekstar på ca. 1500 ord kvar, éin innanfor kvar av dei tre komponentane, jf. Mål og innhald. Tekstane har ulike fristar for endeleg levering gjennom semesteret. Leveringsfristane vert kunngjorde på Mi side. Det vert sett éin felles karakter på mappa på slutten av semesteret.

Tekstane skal skrivast på nynorsk.

Rett og god språkføring vert vektlagd.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensum utgjer om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Ved semesterstart vil det liggje føre ei detaljert pensumliste. Dersom studenten ønskjer endringar av pensumlista, må ho leverast innan ein frist som vert kunngjord på Mi side, og ho må godkjennast av emneansvarleg.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i samsvar med UiB sitt system for kvalitetssikring.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no