Studiet skal danne grunnlag for studentane si forståing for faget, fagdidaktiske utfordringar og profesjonsutvikling, og førebu problemstillingar og tilnærmingar som kan utviklast vidare i ei masteroppgåve. Emnet avsluttast med ei prosjektskisse for masteroppgåva.
Emnet inngår som innleiande del av masteroppgåva.
Studenten får rettleiing undervegs og skal leggje arbeidet fram på prosjektseminar. Ein føreset at studenten òg er med på drøftingar av planane til medstudentar.
Studenten skal
Ettersom studiet har eiga finansiering, er omfanget av undervisninga til ein kvar tid avhengig av tilførte midlar. Det omfanget som er omtalt her, kan difor verte redusert om finansieringa ikkje strekkjer til.
Undervisninga i fellesemnet vil vere knytt til fagsamlingar i løpet av 2.-5. semesteret. Ordinær undervisning har eit omfang på om lag 24 timar, og i tillegg kjem arbeidsseminar og nettbasert arbeid på om lag 24 timar.
Emnet gir ikkje utteljing i studiepoeng, men svarar i omfang til 15 studiepoeng.
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
Rettleiing på prosjektskissa frå ein faglærar er obligatorisk.
Konkretisering av dei obligatoriske kursoppgåvene går fram av semesterplanen.
Ei rettleidd prosjektskisse til masteroppgåva med eit omfang på 4000¿5000 ord.
Prosjektskissa skal ha ei overordna problemformulering og klår avgrensing av temaet, gjerne òg arbeidshypotesar. Det skal gjerast greie for relevant metode/modell, kjelder og mogeleg datagrunnlag. Prosjektskissa skal dokumentere kjennskap til relevant faglitteratur og ha eit utkast til bibliografi. Det skal skisserast ein framdriftsplan for masteroppgåva.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
studierettleiar@lle.uib.no