Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.
Undervisninga er felles med NOSP250/310 og dels NOSP210-L.
Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Skriftleg prøve på 6 timar.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne på den skriftlege prøva enn slike som vert lagde ved eksamensteksten.
Studenten vel målform (bokmål eller nynorsk) sjølv. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
NOSP210, NOSP250 og NOSP310 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
NOSP210-L tilsvarer 2/3 av NOSP210, NOSP250 og NOSP310, slik at utteljinga for NOSP210-L i kombinasjon med eitt av dei andre emna blir 15 stp.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no