Emner: NOSP222 Nordisk: Navnegransking - Høst 2014
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningsspråk
Norsk og ev. dansk og svensk.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet i namnegransking (onomastikk) gjev ei oversikt over prinsipp og teori om namn og namnebruk, namneval og namnelaging. Innhaldet vil byggje på dei kunnskapane som studentane har frå 100-nivået, innanfor språkvitskaplege disiplinar som dannar grunnlag for namnegranskinga. Døme på emne som kan takast opp, er stadnamn, personnamn, dyrenamn, urbane namn, varenamn, namneteori og namnetypologi.
Læringsutbyte
Når emnet er gjennomført, skal studenten kunne nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte namn og namnerelaterte fenomen og teoretiske tilnærmingar til dei. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre onomastiske undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
NOSP102 og NOSP103 eller tilsvarande.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga er felles med NOSP252/322.
Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Skriftleg prøve på 6 timar.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert delte ut saman med eksamensoppgåva.
Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Fagleg overlapp
NOSP222, NOSP252 og NOSP322 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt emne.
Litteraturliste
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no