Emner: NOSP250 Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgave - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

 

Undervisningsspråk

Norsk og ev. dansk og svensk.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i teori om tekst og språkbruk, særleg knytt til ikkje-litterære tekstar. Det skal gje innsikt i mellom anna tekstbinding, sjangerlære og samanhengen mellom språk og situasjon.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne utnytte den teoretiske innsikta dei har fått, i praktisk tekstanalyse. Dei skal kunne gjere greie for korleis tekstar heng saman, korleis tekstar grupperer seg i sjangrar, og korleis situasjonskonteksten påverkar tekstutforming og meiningsproduksjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NOSP102 og NOSP103 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er felles med NOSP210/310 og dels NOSP210-L.

Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.

Rettleiing på semesteroppgåve.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på den.

Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve og ei skriftleg prøve på 2 timar. Semesteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid av avgrensa omfang.

Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Den skriftlege prøva er ein breiddetest med fleire deloppgåver.

Ingen andre hjelpemiddel er tillatne på den skriftlege prøva enn slike som vert lagde ved eksamensteksten.

Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den skriftlege prøva. Studenten må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den skriftlege prøva 40 %.

Eksamensdelane kan skrivast på bokmål eller nynorsk. Studenten vel målform sjølv; det kan vere same eller ulik målform på dei to delane. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Fagleg overlapp

NOSP210, NOSP250 og NOSP310 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

NOSP210-L tilsvarer 2/3 av NOSP210, NOSP250 og NOSP310, slik at utteljinga for NOSP210-L i kombinasjon med eitt av dei andre emna blir 15 stp.

Litteraturliste

Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no