Master
Bergen
Emnet i namnegransking (onomastikk) gjev ei oversikt over prinsipp og teori om namn og namnebruk, namneval og namnelaging. Innhaldet vil byggje på dei kunnskapane som studentane har frå bachelornivå, innanfor språkvitskaplege disiplinar som dannar grunnlag for namnegranskinga. Døme på emne som kan takast opp, er stadnamn, personnamn, dyrenamn, urbane namn, varenamn, namneteori og namnetypologi.
Når emnet er gjennomført, skal studenten kunne nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte namn og namnerelaterte fenomen og teoretiske tilnærmingar til dei. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre onomastiske undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei.
Undervisninga er felles med NOSP222/252.
Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.
Rettleiing på semesteroppgåve.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på den.
Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Semesteroppgåve og munnleg prøve.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne på den munnlege prøva enn slike som vert delte ut av eksaminator.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den munnlege prøva. Studenten må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.
Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no