Emner: NOSP325 Nordisk: Grammatikk og semantikk - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk og ev. dansk og svensk.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Grunnstammen i emnet er normalt utvalde tema frå moderne norsk grammatikk (morfologi og/eller syntaks). Men eldre norsk, språkhistorie og dei andre nordiske språka høyrer òg naturleg med og vil utgjere delar av varierande storleik.

Semantiske tema inngår som del av grammatikken og som ein sjølvstendig del av emnet. Aktuelle tema kan t.d. vere biletleg språk og leksikalsk semantikk.

Andre tema som høyrer naturleg saman med grammatiske og semantiske tema, vil vere representerte i varierande grad. Det kan dreie seg om tekstlingvistikk, informasjonsstruktur, stilistikk, (morfo-)fonologi, leksikografi o.a.

Emnet byggjer på kunnskapar og dugleik frå dei språklege emna på bachelornivå og fører desse vidare, slik at studentane får ein fordjupa kjennskap til både dei språklege fenomena og teoretiske tilnærmingar til dei.

Studentar som har faglege interesser i bestemte retningar, t.d. norrønt språk eller norsk som andrespråk, har høve til å definere eit individuelt innhald i samråd med faglæraren.

Læringsutbyte

Når emnet er gjennomført, skal studenten kunne nytte kunnskapar og dugleik om grammatikk, semantikk og tilknytte felt til å greie ut om, analysere og drøfte språklege fenomen og teoretiske tilnærmingar til dei. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre språklege undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei.

Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogram i nordisk språk og litteratur, integrert lektorutdanning med master i nordisk eller masterprogram i norrøn filologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga utgjer om lag 20 timar samla i bolkar utanom praksisvekene på integrert lektorutdanning og har delvis seminarform. Studentane er forventa å delta i diskusjonar og ha innlegg om avgrensa delar av pensumet.

Rettleiing på mappeoppgåve.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å formulere og få godkjent tema og problemstilling for deloppgåvene i mappa.

Det er obligatorisk å levere eitt utkast til kvar deloppgåve i mappa og motta rettleiing på dei.

Det er obligatorisk å levere og få godkjent pensumliste.

Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.

 

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Mappa har to deloppgåver som vert skrivne i tilknyting til dei to undervisningsbolkane. Studenten vel tema og problemstilling for oppgåvene i samråd med faglæraren. Dei skal ha eit samla omfang på inntil 6000 ord, litteraturlister og vedlegg ikkje medrekna.

Studenten vel målform (bokmål eller nynorsk) sjølv; det kan vere same eller ulik målform på deloppgåvene. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Det vert sett éin samla karakter på mappa.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Litteraturliste

Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no