Emner: NUCLI364 Lipid - biokjemi og metabolisme - Vår 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk (engelsk ved behov)

Undervisningssemester

Vår, eller etter avtale

Mål og innhald

Emnet er meint for mastergradsstudentar i ernæring, biokjemi og molekylærbiologi, men passer også godt som forskaropplæring i desse disiplinane. Emnet omfattar oppbygging, syntese, sekresjon og nedbrytning og regulering av ulike lipid, samt omtale av lipida og lipidmetabolittane sine roller i ulike former for sjukdomsutvikling (HKS, overvekt, diabetes m.fl.).

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne vise korleis lipid og fettsyrer i kosten og frå eigensyntese kan påverke helse og disposisjon for utvalde sjukdommar.

Emnet skal gi en spesialisering til forsking innafor lipidmetabolisme og lipidas rolle i regulering av ulike sjukdomsmekanismar.

Krav til forkunnskapar

Grunnleggande biokjemi (BIOBAS, FARM150 el.l.)

Krav til studierett

Tilgangsavgrensa. Berre etter søknad for studentar med opptak til master i ernæring/biokjemi/molekylærbiologi eller anna relevant studieretning, eller PhD-kandidatar i desse fagfelta. Søknad sendast studie-nutrition@uib.no

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar og eigenstudiar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Skriftlig eksamen, 2 timer.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår, eller etter avtale.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

Studie-nutrition@uib.no/ +47 55 97 73 45 / 55 58 25 35

Institutt

Klinisk institutt 1