Emner: NUTR111 Seminar i ernæring 2 - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Seminaret skal gi ei forskingsbasert tilnærming til ernæring, med sterk vekt på fagleg bredde, tverrfaglege element og aktiv deltaking frå studentane.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskaper:

Ferdigheiter:

Kompetanse:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar blant anna med ernæringsforskarar og vidarekomne ernæringsstudentar. Seminara forutset at studentane tek aktivt del med diskusjon og førebudde presentasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Sjå vurdering.

Vurderingsformer

Mappeevaluering der følgjande element inngår:

- Aktiv deltaking i 80% av enkeltseminara over eitt semester.

- Minst ei skriftleg oppgåve.

- Minst to førebudde munnlege presentasjonar, som skal godkjennast av faglærar. Dei to presentasjonane skal ikkje ha fokus i same forskingstradisjon.

Etter avtale med faglærar kan studentar på NUTR111 gi munnlege presentasjonar på NUTR110. Desse kan gjevast i haust- eller vårsemesteret 2. studieår.

Gyldig fråver kan kompenserast ved fleire munnlege presentasjonar eller større fordjuping i den skriftlige oppgåva.

Karakterskala

Bestått/ikke bestått

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

mailto:studie@med.uib.nomailto:studie@med.uib.no

mailto:studie@med.uib.nostudie-nutrition@uib.no +47 55 97 43 70 / 55 58 25 35

Læringsmål

Kandidaten skal:

- få djupare kjennskap til ernæringsrelatert forskingsverksemd

- vidareutvikle evna til forståing, kritisk lesing og akademisk diskusjon av ernæringsrelaterte forskingsarbeid

- utvikle kritisk kompetanse innanfor og på tvers av ulike forskingstradisjonar innan ernæringsrelatert forsking