Emner: NUTR220 Ernæringens politikk og forvaltning - Vår 2014




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte hovudtema i studiet av forholdet mellom politikk og organisasjon. Undervisninga skal gje innsikt i forsking, funn og tolkingar i studiet av politisk styring, makt og demokrati, og styrke di evne til å nærma deg problemstillingar omkring desse tema på ein sjølvstendig og kritisk måte.

Emnet skal gi deg et betre faglig grunnlag for fordjuping og spesialisering, bl.a. for arbeidet med bacheloroppgåva.

Sentralt i emnet står forholdet mellom politikk og organisasjon slik dette arter seg på ulike styringsnivå: på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå og i relasjonar mellom dei ulike nivåa. Det blir fokusert på ulike organisasjons- og reguleringsformer, de kunnskapsmessige føresetnader som politisk styring er tufta på og konsekvensar av desse.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

- gjere greie for organiseringa av og verkemåten til dei viktigaste formelle institusjonane i det norske politisk-administrative systemet som storting, regjering, sentralforvaltning og kommunale styringsorgan.

- Gjere greie for korleis politikk vert påverka, både i vedtaks- og iverksettingsfasen. Dette føreset ei forståing av dei roller som profesjonar, interesseorganisasjonar og borgarar speler.

- Vurdere heilskapen i det politiske systemet sett frå ulike demokratiperspektiv og med vekt på den enkelte borgaren sine ulike roller og føresetnader.

- Gjere greie for dei politiske og institusjonelle faktorar som politikk områdane omkring mat og ernæring.

- Gjere greie for og analysere dei samfunnsmessige ramma og beslutningssystemar omkring ernæring.

Krav til forkunnskapar

Nei

Krav til studierett

Studenter ved Bachelorprogrammet i Human Ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesning og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend obligatorisk 5-siders individuelt essay særlig knytt til regulering av ernæring. Godkjend arbeidskrav har ingen tidsavgrensing

Vurderingsformer

3-timers skoleeksamen

Fagleg overlapp

Full faglig overlapp og fullstendig poengreduksjon i forhold til AORG103

Emneevaluering

Emnet blir evaluert hvert 3. år

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no  

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap