Emner: PED111 Pedagogisk filosofi - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er ein grunnleggjande innføring i pedagogisk filosofi og idéhistorie, der omgrepa kunnskap, danning og medborgarskap utgjer sentrale kategoriar. Studentane sitt arbeid med dette emnet skal utvikle deira forståing for korleis ein kan diskutere pedagogisk-filosofiske spørsmål i pedagogikk. Arbeidsmåten utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.

Eit mål er å gje studentane innsikt i korleis pedagogisk filosofi og idéhistorie kan bidra til å problematisere ulike grunngjevnader for pedagogisk praksis. Eit anna mål er å gjera studentane i stand til å drøfte spørsmål knytte til pedagogiske fenomen som undervisning, læring, kunnskap, oppdraging, danning og medborgarskap. Eit tredje mål er å tilby studentane eit grunnlag for å forstå forholdet mellom pedagogikkfaget sine praktiske og teoretiske dimensjonar ved at det blir lagt særleg vekt på dei kunnskapsteoretiske sidene ved pedagogisk praksis.

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskapar:

Ferdigheiter

Generell kompetanse:

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil kombinere introduksjonsførelesingar med litteraturstudiar, seminar, gruppediskusjonar og oppgåveskriving.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av seminaroppgåver gjennom semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen består av to komponentar: Eit fagleg essay og ein 4 timars skriftleg eksamen. Komponentane vektast likt.

 

Karakterskala

Det blir gitt ein samla gradert karakter(A-F).

Vurderingssemester

Haust.

Litteraturliste

Litteraturen tek sikte på å dekka tema som:

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no

Institutt

Institutt for pedagogikk.