Emner: PED212 Bacheloroppgave i pedagogikk - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein føremålstenleg arbeidsmåte. Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å venda lys mot ei problemstilling. Prosjektoppgåva skal leggje eit metodisk grunnlag for framtidig arbeid med ei masteroppgåve, og kan også tematisk danne opptakta til ei slik vidareføring innanfor det temaområdet som vert valt. Oppgåva kan vere reint teoretisk, eller den kan vere ei mindre empirisk undersøking.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne/vise:

Kunnskapar:

Ferdigheiter

Generell kompetanse:

 

 

Krav til forkunnskapar

For å kunne ta emnet er dei ein føresetnad at studentane har minst 45 studiepoeng i pedagogikk og 15 studiepoeng i metode frå tidligare. Det vil seia at for å kunne ta dette emne er det ein føresetnad at studentane har PED111, PED112, og PED114 eller tilsvarande, samt 15 studiepoeng metode (PSYK202A eller PSYK202B eller tilsvarande).

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett som er tatt opp på bachelorprogram i pedagogikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gitt i form av eit seminar innan kvart temaområde, eit skriveseminar og grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen består av to komponentar: Ei prosjektoppgåve og ein munnleg prøve. Prosjektoppgåva skal ha eit omfang på ca. 7 000 ord eksklusive referansar og appendiks. Det blir gitt ein foreløpig karakter på semesteroppgåva før munnleg prøve. Munnleg har ein justerande funksjon.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Litteraturlista, som omfattar ein felles og ein valfri del, har eit totalt omfang på ca. 1200 sider. Fellesdelen er på ca. 600 sider og sjølvvalt litteratur er på ca. 600 sider. Sjølvvalt litteratur skal godkjennast av emneansvarlig. Den sjølvvalte litteraturen skal inngå i bacheloroppgåva og bidra til å belyse det valte fordjupingsområdet.

 

Temaområde i litteraturen er:

 

 

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no

Institutt

Institutt for pedagogikk.