Emner: PED321 Pedagogisk filosofi, IKT - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Studiet er nettbasert, men i starten av kvart semester blir det vanlegvis arrangert ei samling i Bergen.

Mål og innhald

Emnet er ein vidareføring av PED111- Pedagogisk filosofi frå bachelorstudiet i pedagogikk, og gjev innsikt i pedagogisk filosofi. Det blir lagt vekt på at studentane sjølv skal ta stilling til og drøfte grunnleggande pedagogiske spørsmål og utfordringar. Studentane sin kritiske lesing av pedagogisk-filosofiske tekstar, deira aktive deltaking i nettseminar, samt deira sjølvstendige tekstproduksjon, utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.

 

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal:

 

 

 

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogram i pedagogikk, IKT-basert.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet kombinerer oppgåveskriving, nettbaserte seminar og rettleiing med litteraturstudiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det vil bli gitt obligatoriske arbeidsoppgåver undervegs i semesteret.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 14 dagar. I tillegg kan studentar bli trekt ut til munnleg eksamen, som blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Dersom det blir gjennomført munnleg eksamen må begge eksamenar vere bestått for å få godkjent eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust.

Litteraturliste

Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium. Litteraturen tek sikte på å dekka tema som:

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no

Institutt

Institutt for pedagogikk.