Emner: PEDA102 Praktisk pedagogikk - pedagogikk 2. semester - Høst 2018
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje forståing for læraryrket som profesjon. Dette inneber blant anna at læraren har ansvar for elevane si utvikling og læring, og skal bidra til skulen si verksemd og utvikling. Vidare skal emnet gje innsikt i utfordringar knytt til ungdom og skule i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn, og korleis dette verkar inn på lærarrolla. Kunnskap om skulens normative oppgåver knytt til etikk, estetikk, kommunikasjon og rettleiing er og sentrale tema.
Følgjande tema vil bli vektlagt:
- Læraryrket som profesjon
- Ungdom, skule og samfunn
- Skulen i eit kultur- og demokratiperspektiv
- Kommunikasjon og rettleiing
- Etikk og estetikk
Læringsutbyte
Studenten skal etter å ha fullført PEDA102 ha følgjande samla læringsutbyte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om læraryrket som profesjon.
- har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har nyansert kunnskap om skulens utfordringar i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn
- har kunnskap om etiske utfordringar som læraren kan stå ovanfor i skulen
- har kunnskap om dei estetiske dimensjonane ved skulesamfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan identifisere og orientere seg i kunnskapsgrunnlaget for lærarprofesjonen.
- kan analysere problemstillingar som er knytt til samspelet mellom ungdom og skule i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
- kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til kommunikasjon og rettleiing av elevar
- kan problematisere og ta stilling til etiske utfordringar som læraren står ovanfor i skulen
- kan identifisere ulike estetiske aspekt ved undervisninga
Generell kompetanse
Studenten
- kan med stor grad av sjølvstende identifisere, problematisere, vidareutvikle og kommunisere kunnskap innanfor eigen organisasjon og profesjon
- er tydeleg på kva som er skulens ansvar og oppgåver og er i stand til å balansere dette opp mot problemstillingar knytt til samspelet mellom ungdom, skule og samfunn.
- har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over spørsmål som gjeld elevars læring og utvikling
Krav til forkunnskapar
PEDA101 Pedagogikk 1. semester
Krav til studierett
Teken opp på Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga blir organisert i førelesningar og seminar. I tillegg har studenten 30 dagar praksis i PPUPRA102, som må vere greidd for å kunne ta eksamen i PEDA102.
Studenten har tilbod om inntil 3 timar individuell rettleiing.
Omfang:
Timar/veka: 4-6
Tal på veker: 7
Totalt antall timar: 42 (14 t. førelesning og 28 t. seminar)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Førebudd deltaking på seminar
- Levere ei prosjektbeskriving av eiga aksjonsforsking på ca. 1000 ord
- Munnleg presentasjon av eigen forsking basert på ein poster
- Gje munnleg tilbakemelding på to av medstudentane sine postarar
Obligatorisk aktivitet må være greidd for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Innlevering av skriftleg aksjonsforskingsrapport på 5000 ord
Karakterskala
Eksamensmappa blir vurdert med graderte karakterar frå A-F.
Litteraturliste
Pensum er på 750 sider. Av desse er 600 sider obligatorisk lesing og 150 sider er valfritt stoff. Det er tilbod om eit kompendium på delar av pensum. Ein ventar at studentane skal gjere seg kjend med ulike søkeportalar, og sjølv finne fram til pensumartiklane som ligg på internett.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Dette inneber evaluering ved hjelp av standardiserte spørjeskjema til studentar og emneansvarled si rapportering av denne evalueringa i Studiekvalitetsbasen.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ver vennleg å ta kontakt med studierettleiar/informasjonssenter:
studierettleiar.psyfa@uib.no Tlf. 55 58 27 10
Institutt
Institutt for pedagogikk