Kandidaten skal etter å ha fullført PEDA102 ha følgjande samla læringsutbyte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om profesjonell utvikling i rolla som lærar
- har kunnskap om forsingsbaserte modellar for profesjonell utvikling
- har kunnskap om korleis skulen som organisasjon kan legge til rette for profesjonelle utvikling på individ- og systemnivå
- har kunnskap om samhandling og gruppeprosessar på arbeidsplassen
- har kunnskap om korleis eksterne aktørar kan bidra til læraren og skulen si profesjonelle utvikling
- har kunnskap om etiske utfordringar som læraren kan møte i skulen
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan dokumentere og gje uttrykk for eiga profesjonell utvikling og kunne leggje fram og grunngje utviklingsmål med støtte i teori
- kan identifisere pedagogiske utfordringar i undervisningssituasjonar og lage aksjonsplanar for å møte desse med støtte i teori
- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt knytt til eigen praksis
- kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til samhandling og gruppeprosessar på arbeidsplassen
- kan problematisere og ta stilling til etiske utfordringar som læraren møter i skulen
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan med stor grad av sjølvstende identifisere, problematisere, vidareutvikle og kommunisere kunnskap innanfor eigen organisasjon og profesjon
- kan orientere seg i faglitteratur, analysere og halde seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse åleine og i samarbeid med andre