Emner: PHYS109 Innføring i astrofysikk - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust (gul)

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i generell astrofysikk med spesiell vekt på dei fysiske prosessar som ligg til grunn. Eksempel på tema som vert behandla er: Astrofysiske observasjonar, oppbygginga og utstrålinga til sola, planetane og deira atmosfære, månar samt planetære energibudsjett, stjernene sitt liv frå stjernefødsel til supernovaeksplosjonar, Melkevegen, interstellar materie, galaksar og galaksehopar, kosmologi.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne forklare og gjere utrekningar basert på dei fysiske lovene som styrer utviklinga av stjerner, galaksar og andre strukturar i universet og kva som påverkar det planetære energibudsjettet. Studentane skal kunne gjere greie for dei viktigaste observasjonsteknikkane som vert nytta og kva informasjon diverse målte parameter kan gi oss om eigenskapane til og strålinga frå sola og forskjellige andre himmellekamar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT111, som ein kan lese parallelt, og Fysikk 2 eller PHYS101 og PHYS102

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesningar 4 timar per veke

Oppgavegjennomgåing i plenum 1 time per veke

Rekneverkstad 2 timar per veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend prosjektoppgåve (Gyldig i fire semester)

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F

Fagleg overlapp

Ingen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Emneansvarleg finn du på Mi side, ta eventuelt kontakt med studiekonsulenten på instituttet.