Emner: PHYS213 Medisinsk fysikk i stråleterapi - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omhandlar medisinsk-fysiske prinsipp og metodar som er spesielt knytte til bruk av ioniserande stråling innanfor strålebehandling av kreft. Kurset vil mellom anna gi i) introduksjon til stråleterapi i kreftbehandling, ii) kunnskap om ioniserande stråling og vekselvirkningar i materie, iii) innføring i linear-akseleratorar anvendt i stråleterapi, iv) kunnskap om doseplanlegnings-prosessen herunder doseberegningsalgoritmer, samt iv) oversikt over ulike behandlingsteknikkar i moderne stråleterapi.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal studentane kunne

gjere greie for konvensjonelle og moderne stråleterapiteknikkar, inklusive intensitets-modulert og biletvegleia foton-basert stråleterapi, samt proton/partikkelterapi

Krav til forkunnskapar

PHYS 231 Strålingsfysikk

Tilrådde forkunnskapar

Det vil vere ein fordel å ha PHYS 212 Fysikk i medisinsk diagnostikk

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav. Kurset er spesielt eigna for studentar med solid bakgrunn i fysikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

4 førelesningar/veke, eventuelt er ei førelesning ersatta av ein øvningstime

1 praktisk oppgåve

Omvisningar ved strålterapiseksjonen på Haukeland Universitetssjukehus

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan bli munleg anhengig av antal oppmelde studentar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Institutt

Institutt for fysikk og teknologi