Emner: PHYS213 Medisinsk fysikk i stråleterapi - Vår 2018
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor og master
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studentar ei innføring i teori og metodar brukt i strålebehandling av kreft, inkludert også partikkelterapi.
Emnet skal formidle forståing for medisinsk-fysiske prinsipp som er knytta til bruk av ioniserande stråling innanfor strålebehandling av kreft ved bruk av fotonstråling og partiklar. Kurset vil gje ein introduksjon til (ekstern) stråleterapi i kreftbehandling, grunnleggande vekselverknadar for stråleterapi og dosimetri, innføring i produksjon og karakterisering av terapeutiske strålar/strålefelt, doseoptimisering. Kurset vil også fokusere på strålebiologiske vekselverknadar og korleis desse påverkar behandlinga.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal kunne:
- Vise kjennskap til det biologiske og medisinske rasjonale for stråleterapi
- Beskrive produksjon og karakterisering av terapeutiske strålar/strålefelt
- Beskrive i detalj dei ulike stega i stråleterapiprosessen frå planlegging til ferdig behandling
- Greie ut om fordelar og ulemper med ulike behandlingsteknikkar og strålingstypar
Ferdigheiter
- Gjennom praktiske øvingar har studenten fått praktiske kunnskapar om doseplanlegging og god vurderingsevne med tanke på kva omsyn som må takast ved utarbeiding av pasientplanar for stråleterapi.
- Studenten er i stand til å utføre skriftlege øvingar/utrekningar innan stråleterapi
Generell kompetanse
- Studenten kan formidle sine faglege kunnskapar gjennom munnleg presentasjon.
Krav til forkunnskapar
PHYS 231 Strålingsfysikk
Tilrådde forkunnskapar
Det vil vere ein fordel å ha PHYS 212 Fysikk i medisinsk diagnostikk
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav. Kurset er spesielt eigna for studentar med solid bakgrunn i fysikk.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga gis i form av forelesningar. I tillegg vil det vere obligatoriske rekneøvingar og omvisning på seksjon for medisinsk fysikk ved Haukeland sjukehus. Forelesningane vil dekke alle tema for kurset, og i tillegg vil det bli gitt anbefalt fordjupningsstoff i litteraturlista
Aktivitet/ Tal på timar pr. veke: 4 timar forelesning (delvis erstatta av øvingar/omvisning enkelte veker)
Aktivitet/ Tal på veker: 14
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:- Rekneøvingar utgjer 20 % av karakteren.
- Muntleg eksamen utgjer 80% av karakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@ift.uib.no
Institutt