Emner: PHYS261 Atomfysikk - Høst 2018




Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Emnet gir brei kjennskap om oppbygginga av atom og molekyl og korleis dei vekselverkar med elektromagnetiske felt.

Innhald: Kurset skildrar atomet sine grunnleggjande kjenneteikn og oppbygging frå ikkje-relativistisk til relativistisk teori og frå eit- og to-elektron system til oppbygginga av det periodiske system. Kurset omhandlar også struktur og kjenneteikn til enkle molekyl som H2, H2O og CO2. I emnet vil uelastisk spreiing, både som tidsavhengig og som tidsuavhengig problem, bli handsama. Emnet diskuterer ei rekkje viktige prosessar som fotoelektrisk effekt, Auger effekt og tunnelering. Ein vektlegg forståinga av vekselverknaden mellom lys og atom basert på klassisk og kvantemekanisk skildring av elektromagnetiske felt.

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kjennskap til:

Ferdigheiter

Studenten kan:

skildre kvalitativt fleir-elektron og molekyl sin oppbygging og kjenneteikn.

Generell kompetanse

Studenten kan:

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS112, PHYS113, PHYS118, PHYS119, PHYS201, PHYS205, MAT111, MAT112

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Muntlig eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

advice@ift.uib.no