Mål:Gje kunnskapar og ferdigheiter i atmosfærisk og marin optikk på mastergradsnivå.
Innhald: Kurset inneheld tema som emisjon, absorpsjon, spreiing og transport av elektromagnetisk stråling i atmosfæren og havet. Desse optiske prosessane blir studert for frekvensar som spenner frå det infraraude, gjennom det synlege, og inn i det ultrafiolette spekteret. Vidare inneheld kurset tema som stråling frå ein svart lekam; strålingsevne; koherent og inkoherent stråling; interferens; irradians og radians; multippel spreiing; strålingstransport med multistraumteori og Monte Carlo-metodar; polarisasjon; og optiske fenomen som kan bli observert i naturen. Det blir fokusert på å gje fysiske fundamentale forklaringar akkompagnert med bruk i meteorologi, klimatologi, solenergi, havfarge-radiometri og marin primærproduksjon.
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har
Ferdigheiter
Studenten kan