Kandidaten skal etter å ha fullført praksis ha følgjande samla læringsutbyte i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.
Studenten skal kunne
- greie ut om overordna målsetningar og danningstenking for sine skulefag og for skolen som heilskap og handle ut frå slik innsikt.
- ta i bruk sentrale profesjonsfaglege omgrep og målsettingar i læreplanane i analyserende samtaler om eigne elevar og praksisar i klasserommet.
- identifisere og beskrive arbeidsoppgåver som er knytt til lærarprofesjonen utover det å planlegge og gjennomføre undervisning og etterarbeid.
- demonstrere sentral kunnskap om skulens sentrale og lokale styringsdokument, reglement og ordningar med relevans for undervisning, klasseleiing og samarbeid med andre i skulesamfunnet i praksisperioden. *
-kommunisere med elevane inn mot deira nivå både generelt, fagleg og om deira læring. *
-praktisere god klasseleiing, bidra til å skape eit godt læringsmiljø i klassen og arbeide med å fremme elevane sine læringsstrategiar.
- legge til rette for undervisningssituasjonar tilpassa ulike elevgrupper sine interesser og faglege nivå slik at dei fleste kan delta og erfare element av mestring. *
- planlegge undervisninga, enkelttimar og lengre periodar, med eiga formulering av læringsmål for økten(e) og påpeiking av korleis ulike aktivitetar kan fremme kognitiv og språkleg aktivitet hos elevane. *
- legge fram fagstoff, i små og store grupper, på ein innsiktsfull, oversiktleg og engasjerande måte, der ein tar omsyn til elevane sine forkunnskapar og interesseområde.
- bruke eit repertoar av arbeidsmåtar og teknikkar som er tilpassa faget si eigenart og elevane sine føresetnader, og velje hjelpemiddel og læremiddel på ein innsiktsfull måte.
- rettleie og vurdere skulearbeid ut frå fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk innsikt, formulerte vurderingskriterium og elevane sine utfordringar, faglege interesser, motivasjon, læringsstrategiar, arbeidsvanar og mål.
- ta omsyn til og vise respekt for integriteten til den enkelte elev, dei føresete og andre samarbeidspartar. *
- samarbeide konstruktivt med rettleiarar, kollegaer og medstudentar i formelle og uformelle fora om elevers situasjon og læring. *
- utvikle og forbetre eiga undervisning over tid på bakgrunn av kritisk refleksjon over eigne kunnskapar, eigne erfaringar og innspel frå kollegaer og rettleiarar. *
- reflektere kritisk over yrkesetiske problemstillingar og behovet for utvikling og endring i skulen.
Praksis
- Undervisningspraksis ca 60 timar i 6-7 veker (observasjon/individuell/par)
- Rettleiing
- Deltaking i relevante aktivitetar på skulen og universitetet
100% obligatorisk deltaking
Fylle ut praksislogg. Jamfør obligatoriske arbeidskrav i emneskildringa for PPUPRA102.