Emner: PPUPRA101 Praksisperiode 1 - Vår 2014




Studiepoeng

0.0

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Praksis inneber rettleia undervisning i skulen og er knytt til pedagogikk- og fagdidaktikkemne. Praksis inneber normalt både observasjon av undervisning, undervisning åleine og i samarbeid med medstudent, samt deltaking i andre skulerelevante aktivitetar. Studentane skal lære å planlegge og gjennomføre gode lærings- og undervisningssituasjonar og vurdere slike. Gjennom periodane med praksis skal studentane også få ei heilskapleg forståing av lærarprofesjonen og utvikle eit medvit rundt yrkesetiske problemstillingar. I opplæringa i første praksisperiode vil særleg dei stjernemerka punkta under læringsutbytte bli vektlagd i karaktervurderinga.

Læringsutbyte

Kandidaten skal etter å ha fullført praksis ha følgjande samla læringsutbyte i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Studenten skal kunne

- greie ut om overordna målsetningar og danningstenking for sine skulefag og for skolen som heilskap og handle ut frå slik innsikt.

- ta i bruk sentrale profesjonsfaglege omgrep og målsettingar i læreplanane i analyserende samtaler om eigne elevar og praksisar i klasserommet.

- identifisere og beskrive arbeidsoppgåver som er knytt til lærarprofesjonen utover det å planlegge og gjennomføre undervisning og etterarbeid.

- demonstrere sentral kunnskap om skulens sentrale og lokale styringsdokument, reglement og ordningar med relevans for undervisning, klasseleiing og samarbeid med andre i skulesamfunnet i praksisperioden. *

-kommunisere med elevane inn mot deira nivå både generelt, fagleg og om deira læring. *

-praktisere god klasseleiing, bidra til å skape eit godt læringsmiljø i klassen og arbeide med å fremme elevane sine læringsstrategiar.

- legge til rette for undervisningssituasjonar tilpassa ulike elevgrupper sine interesser og faglege nivå slik at dei fleste kan delta og erfare element av mestring. *

- planlegge undervisninga, enkelttimar og lengre periodar, med eiga formulering av læringsmål for økten(e) og påpeiking av korleis ulike aktivitetar kan fremme kognitiv og språkleg aktivitet hos elevane. *

- legge fram fagstoff, i små og store grupper, på ein innsiktsfull, oversiktleg og engasjerande måte, der ein tar omsyn til elevane sine forkunnskapar og interesseområde.

- bruke eit repertoar av arbeidsmåtar og teknikkar som er tilpassa faget si eigenart og elevane sine føresetnader, og velje hjelpemiddel og læremiddel på ein innsiktsfull måte.

- rettleie og vurdere skulearbeid ut frå fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk innsikt, formulerte vurderingskriterium og elevane sine utfordringar, faglege interesser, motivasjon, læringsstrategiar, arbeidsvanar og mål.

- ta omsyn til og vise respekt for integriteten til den enkelte elev, dei føresete og andre samarbeidspartar. *

- samarbeide konstruktivt med rettleiarar, kollegaer og medstudentar i formelle og uformelle fora om elevers situasjon og læring. *

- utvikle og forbetre eiga undervisning over tid på bakgrunn av kritisk refleksjon over eigne kunnskapar, eigne erfaringar og innspel frå kollegaer og rettleiarar. *

- reflektere kritisk over yrkesetiske problemstillingar og behovet for utvikling og endring i skulen.

Krav til forkunnskapar

Første praksisperiode må være greidd før studenten kan byrje på andre praksisperiode. Viser dessutan til reglement for praksis og eksamen, samt gjeldande studieplan for eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.

Krav til studierett

Studenten må vere teken opp på eittårig praktisk pedagogisk utdanning.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Praksis

- Undervisningspraksis ca 60 timar i 6-7 veker (observasjon/individuell/par)

- Rettleiing

- Deltaking i relevante aktivitetar på skulen og universitetet

Obligatorisk undervisningsaktivitet

100% obligatorisk deltaking
Fylle ut praksislogg. Jamfør obligatoriske arbeidskrav i emneskildringa for PPUPRA102.

Vurderingsformer

Kvar praksisperiode vert vurdert med karakter greidd/ikkje greidd. I vurderinga knytt til første praksisperiode vil det leggast særskild vekt på dei sju første stjernepunkta under læringsutbyte.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Kontaktinformasjon

post@psypp.uib.no