Emnet gir ei innføring i sentrale psykiske lidingar, og arbeidsområder og arbeidsmåtar innan klinisk psykologi. Emnet introduserer etiske problemstillingar og gir ei innføring i gjeldande føresegn som regulerer psykologar si yrkesutøving og verksemd i samfunnet. Prinsipp for profesjonell etikk i klientretta verksemd og i forsking blir gjennomgått og eksemplifisert. Det blir lagt vekt på medvit om fagetiske dilemma knytt til psykologar si yrkesutøving og korleis gjeldande psykologetikk kan brukast til å handtere slike dilemma. Studentane vil få ei innføring i grunnleggande modellar for psykopatologi, sentrale kliniske tilstandsbilde og sentrale modellar for psykologisk behandling. Undervisninga gir eit grunnlag for undervisning om psykiske lidingar innan dei andre psykologiske basaldisiplinane, samt tema innan klinisk nevropsykologi, pedagogisk-psykologisk rådgiving og diagnostikk og psykologisk behandling.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Studenten:
Kan gjengi og diskutere hovudprinsipp for profesjonsetikk i klientretta verksemd
Kan gjengi og diskutere hovudprinsipp for forskingsetikk i psykologisk forsking
Kan gjengi og forklare sentrale modellar og perspektiv på psykopatologi, normalitet og avvik
Kan gjere greie for sentrale kliniske tilstandsbilde
Kan gjere greie for modellar for psykologisk behandling: kognitiv-åtferdsterapi, dynamisk og humanistisk/emosjonsfokusert terapi
Ferdigheiter
Studenten:
Kan ta stilling til fagetiske dilemma ut frå prinsipp for profesjonsetikk i klientretta verksemd
Kan sammenlikne sentrale modellar for psykopatologi og psykologiske behandlingsmodellar i forhold til kvarandre.
Generell kompetanse
Studenten:
Kan reflektere over etiske implikasjonar ved klientretta arbeid og psykologisk forsking
Kan reflektere over bruk av ulike psykologiske modellar og tilpassing av psykologiske modeller til den enkelte klient eller brukargruppe
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar med integrerte øvingar og videodemonstrasjonar
Seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skuleeksamen på 3 timar der studentane svarar på 3 av 3 oppgåver
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust/ Vår
Litteraturliste
Videoframvising, tilrådde vevsider
Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.