Emner: PROPSY301C Profesjonsforberedelse 3 -Kommunikasjon og profesjonsutøvelse - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
5
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i kor viktig kommunikasjonsevner og relasjonell kompetanse er i utøvinga av psykologfaget. Tema som blir gjennomgått inkluderer grunnleggande kunnskap om emosjonar og kommunikasjon, verksame relasjonelle faktorar i psykoterapi, krysskulturell kommunikasjon, og effektiv kommunikasjon i samanheng med teamarbeid og ytelse. Kurset skal fremme refleksjon om kva profesjonelt psykologarbeid krev av yrkesmessig og personleg utvikling, samt gjere studentane medvitne om forholdet mellom personlege føresetnader og profesjonell kompetanse.
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesing, seminar og øvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av eit kort lydopptak av kontaktetablering der studenten brukar grunnleggande element i terapeutisk kommunikasjon, som er gjennomgått i undervisninga.
Obligatorisk arbeidskrav må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Individuell, skriftleg heimeeksamen på 24 timar
Karakterskala
Greidd / ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust/Vår
Litteraturliste
Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for klinisk psykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:Studierettleiar@psyfa.uib.noStudierettleiar@psyfa.uib.no
Tlf 55 58 27 10