Emner: PROPSY306 Klinisk nevropsykologi - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Kvart semester

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Målet med kurset er å formidle grunnleggjande kunnskap om klinisk nevropsykologiske modellar og metodar, og korleis desse blir brukte i møte med pasientar. Utvalde tema og relevante kasuistikkar vil bli presenterte i ei førelesingsrekkje. Her vil studentane bli presenterte for nevropsykologiske modellar og metodar, og korleis desse blir brukte for å belyse problemstillingar vi møter i klinisk praksis og i forsking. Kurset omfattar også ei kort innføring i åtferdsfarmakologi, der studentane får innblikk i bruk og effekt av medikament som blir brukte ved behandling av nevrologiske og psykiske lidingar. Gjennom praksis vil studentane få erfaring med administrasjon og tolking av ein prøve på intellektuell funksjon, og saman med rettleiar vil dei ta aktivt del i gjennomføring av nevropsykologiske undersøkingar ved nevropsykologisk poliklinikk.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne kan kandidaten:

Ferdigheiter:

Ved fullført emne kan kandidaten:

 

Generell kompetanse:

Krav til forkunnskapar

Bestått alle føregåande emne i studieløpet: PROPSY301-PROPSY304

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

I løpet av ein to-vekers periode blir det gjennomført ei førelesingsrekkje med vekt på nevropsykologiske problemstillingar i møte med barn og vaksne som har nevrologisk sjukdom og/eller nevropsykiatrisk liding. Kurset omfattar førelesingar og kasusbeskrivingar og dekkjer eit breitt spektrum av tema. Studentane blir oppfordra til diskusjon og gruppeaktivitet. Teoretisk kunnskap om testar og kunnskap om tolkingsreglar vil blir gitt gjennom førelesingar og diskusjon med faglærar og medstudentar. Faglærar tilrår litteratur til bruk når studenten skal ha ansvar for testing av intellektuell funksjon som del av sin PPT-praksis.

Kvar student vil delta i ein to-vekers rettleidd praksisperiode ved vår nevropsykologiske poliklinikk. Her vil studentane vere del av smågrupper som har ansvar for utgreiing av fire eller fem pasientar. Studenten får hovudansvar for anamneseopptak/notat, observasjon av testing, oppfølging og presentasjon av kasus på staff, der medstudentar, faglærarar og andre interesserte er til stades.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

I praksisperioden ved vår nevropsykologiske poliklinikk skal studenten:

obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurdering "godkjent" / "ikkje godkjent"

Vurderingsformer

Emne er greidde når alle obligatoriske undervisningsaktivitetar er gjennomførte og godkjende.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

For more information, please contact the study counsellor / the information Centre. mailto:studieveileder.psyfa@uib.nostudieveileder.psyfa@uib.no