Emner: PROPSY312A Psykologisk behandling II - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

14

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust/vår

Mål og innhald

Mål:

Studentane blir gjort kjent med sentrale tilnærmingar til psykologisk behandling (psykoterapi) for ulike aldersgrupper, inkludert teoretisk grunnlag, empiri og metodikk. Emnet bygger primært på tidlegare undervisning i personlegdomspsykologi, psykologisk kartlegging, psykopatologi og behandling. Emnet har som mål å styrke ein forståing for idégrunnlag, nøkkelomgrep, teori om psykopatologi og endring, samt intervensjonsmetodar innan dei ulike behandlingstilnærmingane.

 

Innhald:

Emnet fokuserer på sentrale psykologiske tilnærmingar, som for eksempel kognitiv atferdsterapi, dynamisk psykoterapi, opplevingsorienterte og mindfulnessbaserte terapiformer og terapiintegrasjon. Det vil også vere fokus på viktigheita av relasjonelle ferdigheiter og terapeutholdningar som respekt, empati og fleksibilitet som et grunnlag for bruk av ulike terapeutiske intervensjonar.

 

Om innhald:

Kognitiv atferdsterapi: Undervisninga fokuserer på korleis ein kan arbeide kognitiv-atferdsterapeutisk med ulike typar av psykiske lidingar. Grunnprinsipp innan den kognitive tilnærminga blir gjennomgådd og studentane blir introdusert for eksemplar på ulike tilstandsbiletar og gjennomfører ferdigheitsøvingar knytt til sentrale intervensjonar.

Dynamisk psykoterapi: Undervisninga gir ein oversikt over hovudlinene i dynamisk psykoterapi. Sentrale intervensjonar og framgangsmåte vil illustreras gjennom videoeksemplar frå reelle terapeutiske forløp innan korttids psykodynamisk terapi.

Opplevingsorienterte og mindfulness-baserte terapiformer: Undervisninga gir ei forståing av det teoretiske grunnlaget for opplevingsorienterte og mindfulness-baserte terapiformer. Studentane vil gjennom videoeksemplar og praktiske øvingar bli gjort kjent med sentrale forståingsmåter og intervensjonar. Målet er å få ei forståing for korleis desse tilnærmingane kan nyttast overfor ulike typar av psykiske problem og eksistensielle utfordringar.

Terapiintegrasjon: Undervisninga gir ei innføring i det integrative perspektivet innanfor psykoterapifeltet. Kurset vil også gi en praktisk innføring i korleis teoretiske og tekniske element frå ulike terapitilnærmingar kan integreras i arbeid med kliniske problemområder.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten kan drøfte og forstå ..

 

Ferdigheiter:

Studenten kan...

 

Generell kompetanse:

Studenten..

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar med integrerte kliniske øvingar. Emnet har en ramme på om lag 378 studentarbeidstimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6 timars heimeeksamen med utgangspunkt i kasus

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

tlf 55 58 27 10 studierettleiar.psyfa@uib.no