Emner: PRPSYK307 Skole- og opplæringspsykologi - Høst 2024




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Undervisninga skal gi innføring i det ideologiske, juridiske og empiriske grunnlaget for dagens inkluderande skule og barnehage og innføring i forsking om pedagogisk-psykologiske problemstllingar. Innføringa skjer gjennom ein kombinasjon av undervisning og praksis, der studentane skal førebuast til å arbeide som psykolog med indvid og systemretta utgreiing og tiltak i den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT).

Tema 1: Teori (7 sp)

Undervisninga skal gi studentane kunnskap om elevar/barn med særskilte behov i skulen og barnehage. Åtferdsvanskar, språkbaserte lærevanskar og utviklingshemning vil bli spesielt vektlagt, slik at studentane kan gjere greie for diagnostiske kjenneteikn ved utviklingsforløp, komorbiditet, og organisering av og innhald i opplæringstiltak. Studentane skal også lære om arbeidsmetodar i PP-tenesta: 1) Korleis PPT kan hjelpe skulen og barnehage i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for barn/elevar med særskilte behov, 2) Korleis PPT skal sørge for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det, og 3) Systemretta forebyggande arbeid i skulen.

Tema 2: Rettleia praksis (8 sp)

I praksis ved eit PPT-kontor skal studentane få ytterlegare innføring i det praktiske arbeidet i PP-tenesta og i arbeidet med kartlegging av og tiltak ovanfor elevar med vanskar. Studentane skal også få praktisk innføring i systemretta og forebyggande arbeid, i tråd med opplæringslovas bestemmelsar for verksemda ved PPT-kontor.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere gjennomført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Teori- og praksisførebuande undervisning skal organiserast som forelesingar, seminar, kasusgrupper og studentpresentasjonar. Rettleia praksis skal gå over 20 dagar, totalt 140 timar, innanfor ein periode på 4 veker. Praksisen skal, så langt det er mogeleg, finne stad ved PPT-kontor i Bergen og nabokommunane. Kvar student skal ha 20 timar rettleiing, individuelt eller saman med medstudent(ar), gitt av pedagogisk-psykologisk rettleiar ved kontoret.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Teori- og praksisforberedende undervisning skal organiseres som forelesninger, seminar, ekskursjoner og studentpresentasjoner. Veiledet praksis skal gå over 20 dager, totalt 140 timer, innenfor en 6-7 ukers periode. Praksisen gis, i den grad det er mulig, ved PPT-kontor i Bergen og nabokommunene. Hver student skal ha 20 timer veiledning, individuelt eller sammen med medstudent(er), gitt av pedagogisk-psykologisk veileder ved kontoret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Praksisrettleiaren skal skriftleg vurdere studentanes praksis som Bestått / Ikkje bestått.

Vurderingsformer

4-timars skuleeksamen med kortsvarsoppgåver og ei langsvarsoppgåve.

Obligatoriske arbeidskrav må vere bestått før ein kan gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret i Leganto.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet