Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Ved fullført emne:
- Har studenten kjennskap til historie, metodegrunnlag og sentrale problemstillingar innan temaet personalpsykologi
- Har studenten kunnskap om korleis faktorar ved individet (t.d. personlegdom, persepsjon, attribusjon, og intelligens) påverkar læring og åtferd i jobbsamanheng
- Har studenten kunnskap om korleis faktorar som hardførhet ("hardiness") og mestringsforventning påverkar handtering av stress i jobbsamanheng
- Har studenten kunnskap om rekruttering av medarbeidarar, inkludert jobbanalyse og metodar for seleksjon
- Kan studenten greie ut om kva vi forstår med læring i jobbsamanheng og korleis organisasjonar kan leggje til rette for ulike metodar for vurdering og utvikling av medarbeidarar (eks. arbeidsevne, medarbeidarsamtale) i eit organisasjons- og individperspektiv
- Har studenten kunnskap om kva som meines med jobbusikkerheit og attraktivitet som arbeidstakar/arbeidskraft både frå eit organisatorisk og individuelt perspektiv
- Kan studenten drøfte betydinga av etiske problemstillingar og dilemma (t.d. varsling (`whistleblowing') som ein kan møte som tilsett i ei verksemd
- Har studenten kunnskap om menneskelege reaksjonar (inkludert PTSD) og god personalomsorg etter kriser og ulykker
- Kan studenten greie ut om og drøfte kjenneteikn ved dyktige og kompetente medarbeidarar versus kontraproduktive og destruktive medarbeidarar
- Kan studenten greie ut om og drøfte kva vi forstår med sosialisering til arbeidslivet og til organisasjonar, og korleis individuelle og kontekstuelle tilhøve påverkar sosialisering til arbeidslivet og til organisasjonar
- Har studenten kunnskap om kva vi forstår med karriere og karriereutvikling i ein organisasjon og mellom organisasjonar
- Kan studenten drøfte korleis verksemda på ein best mogleg måte kan gjere nytte av og ivareta eldre arbeidstakarar
- Har studenten kunnskap om ulike rolleperspektiv på individet si åtferd i organisasjonen
- Kan studenten drøfte mangfaldsfaktorar ("diversity") så som etnisitet, kultur og kjønn si tyding i organisasjonar og diskutere korleis ein organisasjon best mogleg kan tjena på og nytta seg av mangfald i verksemda
- Kan studenten greie ut om omgrepa jobbtilfredshet, jobbengasjement, jobbtilpasning, organisasjonstilhøyring og gjennomtrekk (turnover)
- Kan studenten drøfte ulike typar løns- og kompensasjonssystem sin verdi i organisasjonar, medrekna konsekvensar for motivasjon, yting og produktivitet
- Har studenten kunnskap om tydinga av psykologiske kontraktar mellom arbeidstakarar og deira overordna
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan studenten:
- finne fram i, og munnleg og skriftleg greie ut om sentrale problemstillingar, kunnskapar og metodar innanfor fagfeltet personalpsykologi.
- nytte seg av faglege kunnskapar og relevante forskingsresultat på praktiske og teoretiske problemstillingar.
Generell kompetanse
Ved fullført emne kan studenten:
- planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver i det personalpsykologiske fagfeltet i tråd med etiske krav og retningslinjer
- formidle sentrale faglege og etiske problemstillingar innan personalpsykologi basert på eksisterande teori og empiri
- formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar så vel skriftleg som munnleg, og gjennom andre relevante utrykksformer
- utveksle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagfeltet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis