Emner: PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår (første gang vår 2017)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje eit første grunnlag til forståing av åtferd hos menneske og dyr. Studentane vil gjennom dei tre hovudblokkane i emnet verte kjende med psykologien sitt biologiske og kognitive fundament. I tillegg vil dei få kjennskap til sentrale teoriar om og metodar i studiet av menneskeleg utvikling.
Biologisk psykologi er studiet av hjernen, og kurset skal gje studenten ei grunnleggjande forståing av korleis hjernen produserer åtferd og mentale prosessar. Studenten skal difor bli kjend med hjernen sin oppbygning og funksjon. Studenten skal også bli kjend med det evolusjonsteoretiske grunnlaget for dyr og menneske sin adapsjon/tilpassing til miljøet. Sentrale fenomen som læring, hugs og emosjonar vert presentert, samt deira betyding for helse og sjukdom.
Kognitiv psykologi skal gje studenten ei generell innføring i teoriar om, perspektiv på, og metodar til å studere kognisjon. Studiet skal gje ein gjennomgang av sentrale funn og ein diskusjon av nokre viktige applikasjonar av kognitiv psykologi.
Utviklingspsykologi skal gje studenten ei vidare innføring i perspektiv, metodar og teoriar innan utviklingspsykologi. Det vert ein gjennomgang av sentrale teoriar og funn, samt ein diskusjon av viktige utfordringar i denne disiplinen.
Læringsutbyte
Biologisk psykologi
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for sentrale aspekt ved mennskeleg persepsjon
- Gjere greie for moderne metodar for å studere hjernestrukturar involvert i språk og kognisjon, som til dømes CAT, PET og fMRI
- Gjere greie for organiseringa av det sentrale og perifere nervesystem samt korleis nevronar kommuniserer.
- Gjere greie for korleis hjernen regulerer kroppslege organ via det autonome nervesystemet og det endokrine systemet
- Gjere greie for hovudtankane i evolusjonsteori, evolusjonspsykologi og sosiobiologi; særskild omgrepa "naturleg utval", "inclusive fitness", "kin selection" og "resiprok altruisme"
- Gjere greie for basale genetiske prinsipp, særskild omgrepa kromosom, gen, DNA og RNA.
- Gjere greie for hovudtrekka ved relasjonen mellom hjernestrukturar og åtferd; særskild emosjonar, læring, hugs, språk og kognisjon
- Gjere greie for situasjonelle, affektive, fysiologiske og instrumentelle/åtferdsmessige aspekt ved emosjonar
- Gjere greie for stressomgrepet og faktorar som er av betyding for utvikling av stressrelaterte sjukdommar
- Gjere greie for seksuell utvikling, differensiering og åtferd
- Gjere greie for homeostatisk regulering som til dømes sult
- Gjere greie for biologiske rytmar, spesielt søvn
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Diskutere læring og emosjonar sin funksjon i eit evolusjonsperspektiv
- Diskutere ulike teoriar om forholdet mellom stimulus/kontekst, emosjonar og emosjonell åtferd/fysiologi, som til dømes James-Lange og Cannon-Bard
- Diskutere forholdet mellom biologiske og psykologiske aspekt ved motivasjon, emosjonar, hugs og språk
- Drøfte samanhengen mellom psykisk belastning og kroppslege forandringar, korleis dette kan meistras og korleis langvarig aktivering kan føre til utvikling av kroppsleg sjukdom
- Diskutere samspelet mellom individet sine genetiske føresetnader (genotyp) og individet sine erfaringar (fenotyp)
- Kunne diskutere sosiobiologi og evolusjonspsykologi som forklaring for menneskets åtferd.
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- På et grunnleggande vis kunne identifisere og reflektere over etiske problemstillingar innan psykobiologisk forskning, sosiobiologi og åtferdsgenetikk
- Ha opparbeidd en grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjer biologisk psykologi, og anvende kunnskap frå biologisk psykologi til å forklare fenomen som involverer menneskeleg tenkning og åtferd
Kognitiv psykologi
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for sentrale aspekt ved menneskleg persepsjon
- Gjere greie for sentrale teoriar om oppmerksemd, og karakteristika ved delt og selektiv oppmerksemd
- Gjere greie for teori om arbeidshukommelsens oppbygning og funksjon
- Gjere greie for teoriar om langtidsminnets oppbygning og funksjon
- Kjenne til ulike minnestrategiar
- Gjere greie for karakteristika ved mentale bilete og kognitive kart
- Gjere greie for omgrepa "skjema" og "skript" sine roller i kognitiv psykologi
- Gjere greie for problemløsning, inkludert ulike problemløsningsstrategiar
- Gjere greie for sentrale kjenneteikn ved menneskets resonnering og avgjerdstaking
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studere ulike delar av kognitiv psykologi
- Diskutere nokre gjennomgåande tendensar i menneskeleg tenkning
- Forklare korleis elementar frå kognitiv psykologi, som til dømes hugs, oppmerksemd og persepsjon, fungerer i samspel med kvarandre
- Anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å planlegge effektiv studieteknikk
- Drøfte den historiske utviklinga av kunnskap innanfor dei ulike områda i kognitiv psykologi
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Ha opparbeidd ein grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjør kognisjon, og anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å forklare fenomen som involverer menneskeleg tenkning
Utviklingspsykologi
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for utviklingspsykologien sine historiske røter
- Gjere greie for omgrepet utvikling og korleis utvikling kan påverkast av genetiske og miljømessige faktorar
- Gjere greie for sentrale perspektiv innan fagfeltet, som til dømes læringspsykologi, evolusjonspsykologi, økologisk systemteori og psykodynamiske perspektiv.
- Gjere greie for sentrale temaområde innan fagfeltet, som til dømes tilknytning, kognitiv utvikling, intelligens, temperament, teorien om sinnet, moralutvikling, språkutvikling og sosial utvikling.
- Gjere greie for sentrale teoretikarar innan fagfeltet, som til dømes Piaget, Vygotsky, Bowlby, Ainsworth, Chomsky, Rothbart, Skinner og Bandura.
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studera ulike perspektiv på utviklingspsykologi
- Drøfte nokre sentrale tema knytt til mennesket si utvikling, som til dømes arv/miljø og kontinuitet/diskontinuitet
- Diskutere korleis sentrale teoretikarar innan fagfeltet har ulike syn på utvikling
- Forklare korleis utvikling på ulike område, som til dømes sosial, språklig og kognitiv, er relatert til og fungerer i samspel med kvarandre
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
Ha opparbeidd ein grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjer fagfeltet utviklingspsykologi, og kunne anvende kunnskap frå fagfeltet til å forklare trekk psykologisk utvikling, særleg hos barn og unge.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
- PSYK101 + PSYK114 = 15 studiepoeng i reduksjon.
- PS103 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon.
- PSYK120 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon.
- PSYK120 + PSYK114 = 10 studiepoeng i reduksjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar i biologisk psykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i kognitiv psykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i utviklingspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 9 veker, totalt 18 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gjennomføring av ein Multiple Choice test i det digitale vurderingssystemet.
Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.
Vurderingsformer
5 timars skuleeksamen med 6 essayoppgåver (2 fra kvart temaområde) der 3 oppgåver skal svarast på (1 fra kvart temaområde).
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
A-F.
Fagleg overlapp
- PSYK101 + PSYK114 = 15 studiepoeng i reduksjon.
- PS103 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon.
- PSYK120 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon.
- PSYK120 + PSYK114 = 10 studiepoeng i reduksjon.
Vurderingssemester
Haust og vår (første gang vår 2017).
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Kontaktinformasjon
Kontakt: studieveileder.psyfa@uib.no/55 58 27 10
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi