Engelsk
Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og deira rolle for åtferd, kognisjonar, mental og somatisk helse. Emnet gir innsikt i korleis kosthald kan sjåast som ein del av eit større livsbilde. Det blir gitt teoretisk kunnskap innan søvn, døgnrytmar, energi metabolisme, hjernefunksjon og stress samt kva for strukturelle og individuelle faktorar som kan vere med å forklare utvikling av matvareintoleranse, eteforstyrringar og overvekt. Studentane skal utvikle kompetanse og ferdigheiter i kva som er gode og verksame tiltak for å fremje eit helsegunstig kosthald med vekt på samspel mellom individuelle og strukturelle faktorar.
Emnet vil gje ei innføring både i kosthald/ernæring som ein viktig basis for åtferd og psykisk helse, samt tiltak som kan setjast i verk for å fremje eit gunstig kosthald med tanke på psykisk helse. Tiltaksutviklinga vil bli sett i relasjon til den observerte auken i overvekt som gjer seg gjeldande både i Noreg og i andre vestlege land.
Kunnskaper
Etter fullførd emne skal studentane kunne gjere greie for og diskutere:
Ferdigheiter
Etter fullførd emne skal studenten kunne:
Generell kompetanse
Ved fullførd emne skal studenten kunne: