Studenten skal i samarbeid med andre studentar skrive ei oppgåve, der konkrete faglege problemstillingar skal svarast på ved hjelp av empiriske vitskapelege undersøkingar og/eller teori. Studenten skal gjennom bacheloroppgavåa tileigne seg kunnskapar om forskingsprosessen gjennom å setje seg inn i relevant teori, utarbeide forskingsspørsmål, samle inn relevant empiri og produsere eit skriftleg arbeid ut frå vitskapelige standardar (APA-standard). Studenten skal skrive oppgåva saman med andre studentar, og skal i denne samanheng tileigne seg kunnskapar og oppøve evner med omsyn til forskingssamarbeid. Studetane skal også tileigne seg evner i samband med forskingsformidling gjennom munnleg presentasjon av sitt forskingsarbeid. Undervisninga er organisert i følgjande hovuddelar:
1) Å skrive ei Bacheloroppgåve - formelle rammer:
Innføring i alle relevante sider ved det å skrive Bacheloroppgåva. Studentane vil få innsyn i:
2) Kvalitativ og kvantitativ metode
Studentane skal tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om kvantitative og kvalitative forskingsmetodar.
3) Forskingsprosessen og oppgåveskrivinga
Kandidaten skal få adekvate kunnskapar om kva eit forskingsprosjekt er satt saman av og gjennomføre sin eigen Bacheloroppgåve.
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten kunne:
Ferdigheiter:
Ved fullført emne skal studenten kunne:
Generell kompetanse:
Ved fullført emne skal studenten kunne:
Reflektere om etiske forhold i høve til bruk og tolking av egne data, kjelder og sitering
Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.
Ei skriftleg bacheloroppgåve (gruppeoppgåve).
Alle kandidatar på ei gitt oppgåve får same sluttkarakter. Det vert nytta gradert karakterskala (A-F).