Emner: PSYK208 Affekt og kognisjon - Høst 2018
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane innføring i dei viktigaste teoriar og perspektiv på forholdet mellom affekt, kognisjon og biologi. Studentane vil gjennom emnet få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå sosial-kognisjonsfeltet.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne skal studentane kunne redegjere for:
- Forholdet mellom emosjonar, affekt og kjensler
- Forholdet mellom stemningsleie ("mood") og informasjonsprosessering
- Kjensler sin verdi som informasjonskilde
- Verdien av stemningsleie i ulike bedømmingssituasjonar
- Forholdet mellom affekt og hukommelse
- Korleis affekt kan virke inn på problemløysing
- Antisiperte og antisipatoriske kjensler i beslutningstaking
- Intuisjon vs. rasjonalitet i beslutningstaking
- Bevisstheten si rolle i emosjonar
- Korleis kognisjon og åtferd i sosiale kontekster er påverka av affekt
- Betydningen av affektregulering, metaemosjoner og emosjonell intelligens i sosial åtferd
- Ulike former for stemningsinduksjon
Ferdigheiter
Etter fullførd emne skal studentane kunne:
- Beskrive og diskutere sentrale modellar for forholdet mellom affekt og kognisjon, og sentrale funn som belyser disse modellane.
- Diskutere og evaluere på kva for måtar menneskelig tenking er påverka av affekt, og i kva grad emosjonelle reaksjonar er påverka av kognitive prosesser.
- Evaluere eksperimentelle design, metode og konklusjonar i forskingsartiklar som testar modellar for forholdet mellom affekt og kognisjon.
Generell kompetanse
Etter fullførd emne skal studentane kunne:
- Reflektere over korleis ulike former for åtferd er påverka av forholdet mellom affekt og kognisjon
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det vert tilrådd at deltakarar har kunnskap i psykologi tilsvarande førsteårsstudiet i psykologi. Kjennskap til kognitiv psykologi og biologisk psykologi er ein føremon ved deltaking på emnet.
Krav til studierett
Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:
- Bachelorprogrammet i generell psykologi
- Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Bachelorprogrammet i kognitiv vitenskap
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Dei spesifikke måla kan bli nådd gjennom deltaking i førelesingar og seminar, sjølvstudium og samarbeid med medstudentar. Samla undervisning utgjer 48 timar, som vert delt mellom nøkkelførelesingar, seminar og organisert gruppearbeid. Gruppearbeidet dannar basis for presentasjon av vitskapelige artiklar i seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk heimeoppgåve (gruppeoppgåve). Oppgåva er gyldig i 5 semestre (det semesteret ein skriv oppgåva og dei fire påfølgande semestra).
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen hvor kandidaten svarar på to av tre oppgåver
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Tilrådd litteratur er sett saman av omlag 1000 sider.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no