Emner: RELDI112 Religionsdidaktikk (Religion og etikk) for videregående skole - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal:

- utvikle eit fagsyn, det vil seie at dei sjølve kan grunngje målsettingane i livssynsfaga ut ifrå fagas danningspotensiale og fagas funksjon i samfunnet i fortid og nåtid, og utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for stadig å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i skolefaga

- bli kjent med religionsvitskapleg fagdidaktisk teori og viktige rammevilkår for undervisning og læring

- bli kjent med skolens rammevilkår, kompetanse og ressursar som moglegheiter og avgrensingar i undervisning og læring

- bli kjent med ulike metodar for å undervise om religion og livssyn

- diskutere føremon og ulemper med ulike vurderingsformer

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studentane skal kunne

- drøfte aktuelle utfordringar for religionsvitskapleg fagdidaktikk

- gje døme på korleis religions- og livssynsfaga har utvikla seg i nokre andre land

- tolke læreplanen i religion og etikk i høve til opplæringas overordna mål og verdiar, og kunne bruke læreplanen til medvite stoffutval og lokal tilpassing

 

Ferdigheiter:

Studenten skal vere i stand til å

- drøfte aktuelle utfordringar med religionsfagas plass i skolen

- vurdere lærebøker og andre hjelpemiddel i faget

- skilje mellom ulike typar kjelder, reflektere over religionskritikkens tyding for religion og etikk- faget og leggje til rette for å formidle kjeldekritikk til elevane

- vise korleis man ved nære og konkrete døme frå lokalmiljøet og elevanes eigen kunnskap kan skjøne større samanhengar, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt

- med utgangspunkt i læreplanens føringar leggje opp til ein motiverande, variert og aktiviserande undervisning, med bruk av eit breitt repertoar av undervisningsprinsipp og metodar

 

 

Generell kompetanse:

Studentane skal kunne

- konkretisere målsetjingane i religion og etikk på ein sjølvstendig måte med utgangspunkt i fagleg kunnskap, forståing for kultur- og danningspotensial i faget og kunnskap om den funksjonen faget har hatt i samfunnet i fortid og notid

- utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i religionsfaga

- utvikle elevanes samfunnsforståing og deira ferdigheit til å kunne vurdere informasjonsflaumen i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Gjennomført PEDA111, RELDI111 og minimum 50 sp innan religionsvitskap.

Krav til studierett

Opptak til Integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og seminar i teoriperioden, skolepraksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte på forelesingane og seminara dannar grunnlaget for fagdidaktiske drøftingar av utdanningsløp, læreplanen og religionsdidaktiske problemstillingar. Dette skal leie fram til fagleg, didaktisk, yrkesetisk og sosial kompetanse, som igjen skal føre til naudsynt kompetanse for endring og utvikling. Difor er det obligatorisk frammøte på minst 80 prosent av forelesings- og seminarundervisninga.

For å kunne gå opp til eksamen i RELDI112 kan studentane bli pålagt å gjere inntil 2 obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidsfristar. Konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semester- og eksamensplanar.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen på 30 minutt med to dagars førebuingstid

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er på opptil 500 sider.

Emneevaluering

Undervisinga vert evaluert i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap